På liv og død

Torborg Nedreaas (1906–1987).
Torborg Nedreaas (1906–1987).
Publisert

Det finst to variantar av sjakktematikk i skjønnlitteratur. Den fyrste er å fylgja den unge meisteren frå dei fyrste trekka i barndomen til – om talentet er stort nok – kampen mot verdseliten. Slik skriv til dømes Vladimir Nabokov om russaren Luzjin i Forsvaret (1930), og her i Noreg er skulesjakken skildra i novella Gambit (2001) av Roy Jacobsen og i sjakk­romanen Åttenderaden (2002) av Arne Danielsen.

Den andre varianten er å sjå på sjakkpartiet som ein metafor for kampen mellom det gode og det vonde, liv og død, kvit og svart. I målarkunsten dominerer dette motivet. Eit anna kjent døme er sjakkpartiet mot djevelen i filmen Det sjunde innseglet (1957) av Ingmar Bergman. Stefan Zweigs Sjakknovelle (1942) krinsar òg rundt eksistensielle spørsmål i eit sjakkparti.

I norsk sjakklitteratur har vi noko så sjeldan som ei kvinneleg røyst: Torborg Nedreaas i novella «Jeg skal ha revansje» frå debutsamlinga Bak skapet står øksen (1945). Novella vart skriven på Stord under krigen. Forfattaren hadde sjølv mist mannen ho elska i motstandskampen mot tyskarane. I novella møter vi ein skomakar som på verkstaden sin spelar sjakk innimellom arbeidet.

Torborg Nedreaas var kommunist. «Russen, det er gutt som kan spille sjakk», seier skomakaren. Han vinn mot dei lokale spelarane, men ein dag kjem ein tysk offiser som demonstrerer sjakkunne: «[Vi] tilgav ham for anledningen at han var tysker – fellesbegeistringen for et fint sjakktrekk er sterkere enn alle landegrenser og utenfor alle konflikter. Og vi gledet oss over at denne tyskjen skulle bli slått flat av en norsk skomaker, slått i den edleste av alle krigsleker.»

Her byrjar eit usentimentalt trekantdrama mellom skomakaren, kona hans Ragnhild og tyskaren – med den kvinnelege forteljaren som ei viktig fjerde brikke. Ho observerer i den siste scena: «Hendene til skomakeren var fremmede: De var rene». Korleis partiet og revansjen gjekk, kan ein lesa på bokhylla.no.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement