På køyret

Publisert

Køyra får køyrt seg kvar einaste dag, men ordet er likevel ikkje ihelkøyrt. Det toler hardkøyr og trivst godt når køyreplanen er stram. Ja, det er berre å køyra på, synest køyra, men dei av oss som ferdast i trafikken, veit at køyring kan vera svært farleg. Som det gamle ordtaket seier: «Det køyrer mange, som helder skulde ganga.»

Det er lett å «koma ut å køyra» (‘koma i store vanskar’) når ein skal greia ut om køyra. Ordet finst berre i nordgermanske språk og er slik sett lett å halda styr på, men opphavet er noko uvisst. Ein teori er at køyra er i ætt med verbet kjosa (norr. kjósa ‘velja’, jf. eng. choose). Køyra kan ha hatt grunntydinga ‘få til å velja, lata velja’, som sidan har vorte endra til ‘oppmoda, tilskunda, eggja’. I norrønt vart keyra nytta i tydingane ‘driva (fram), setja i rørsle med tvang, jaga; rida’. På den tida hadde dei jamvel substantivet keyri (‘stav eller svepe til å driva køyredyr fram med’) og seiemåten «keyra upp folkit» (‘eggja folket, setja folket i rørsle’). Me kan framleis bruka køyra om å driva fram dyr, jamfør «køyra hest» og «køyra hundespann», men me kan òg bruka det om å føra farkostar og reiskapar («køyra bil», «køyra kniven i veggen»); frakta noko («køyra ved», «køyra nokon heim»); aka eller renna («køyra slalåm») og gå fram på ein viss måte («køyra sitt eige laup»).

Det er ymse grunnar til at mange «skulde ganga» heller enn å køyra. Nokre er fyllekøyrarar som tek seg ein køyretur fordi dei trur at køyreeigenskapane deira er like gode i påverka som i upåverka tilstand. Andre er råkøyrarar som likar halslaus kappkøyring og meiner at alle andre driv med lusekøyring. Køyreskulelærdomen har dei gløymt, og råkøyringa kan enda med at dei køyrer ned, over, på eller i nokon.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement