Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

På kjøpesenteret

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hans Olav Lahlum og Atle Grønn får testa den nye sjakkinteressa.

Foto: Torstein Bae

2268
20190308
2268
20190308

Eg trudde eg kjende folket, men det var før eg sat på kjøpesenteret.

Den store sjakkinteressa i landet kan ein på makronivå best illustrera gjennom TV-sendingane: Tre millionar nordmenn var innom NRK under VM-kampen i London i november. Og tala per minutt var likevel aller best for VM i hurtig- og lynsjakk i romjula.

På mikronivå er det på kjøpesenteret ein får testa den nye sjakkinteressa. Hans Olav Lahlum og eg sat og signerte før jul. Ein mann kom bort: «Eg har aldri lese ei bok gjennom 70 år. Veit de kva? Ein burde senda alle bøker rett på fyllinga!» Litt seinare: «Men sjølvsagt finst det òg nokre gode forfattarar.» Endå litt seinare: «Den boka de har skrive, ser jo ganske interessant ut; eg går på biblioteket og låner henne. God jul!»

Ei dame i førtiåra stansa brått då ho kjende oss att: «Sjakk?» Ho trekte pusten og samla tankane: «Eg hatar sjakk. Det finst ikkje noko eg hatar meir enn sjakk.» Eg freista roa ned situasjonen: «Eg skjønar deg godt. Vi hatar òg sjakk. Det er difor vi har skrive denne boka som felles terapi.»

Ho likte svaret mitt, forsvann snøgt og kom attende nokre minuttar seinare med dottera på om lag 20 år. Ho peika på oss og sa til dottera: «Ikkje sant du òg hatar sjakk? Det finst ikkje noko verre.» Dottera såg på oss og sa: «Eg tykkjer sjakk er ganske interessant, eg.»

Det vart mange minnerike møte med folket. Eg hadde ein standardfrase til den potensielle bokkjøparen: «Du er kan henda ein av dei tre millionane som har vore innom TV-sendingane...?» Men då svaret for n-te gong var «Eg har ikkje noko val. Sambuaren min ser jo på heile tida», endra vi opningsreplikken til: «Du er kan henda ein av dei 1,5 millionane som har vore tvinga til å sjå på sjakksendingane?»

Ein fyr som ikkje såg veldig sjakkinteressert ut, stansa opp og stira bryskt på boka vår. Eg prøvde meg: «Dette er ei sjakkbok utan sjakktrekk, berre gode historier.» «Hrmpf», sa mannen surt og snudde seg bort – då Lahlum ropa etter han: «Ho har nokre sjakktrekk, då!»

Men så kom to uniformerte politimenn med raske skritt mot oss. Eg byrja tenkja på alt eg ikkje veit noko om: Moms? Kjøpesenterløyve? Heldigvis skulle dei berre kjøpa ei bok.

Eg elskar å sitja på kjøpesenteret.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis