Å bruka flekkfjernar på hageflekken er ikkje nokon god idé, og det er ikkje tilrådeleg å nytta flekkfjerningsmiddel på folk med flekktyfus, leverflekker eller lumske føflekker heller. Ulike flekker krev ulike tiltak. Blodflekker, raudvinsflekker og feittflekker er noko anna enn vanlege skitflekker, dessutan er det skilnad på kleda våre. Arbeidsbroka kan godt vera full av målingsflekker, men finskjorta skal helst vera flekkfri. Og som ordtaket seier: «Di venare klede, di styggare flekker.»
Nokre har kanskje stussa over fleirtalsendinga i avsnittet over. Er ikkje flekk eit hankjønnsord med fleirtal på -ar og -ane? Jau, flekk er eit hankjønnsord, og det kan enda på -ar og -ane i moderne nynorsk, men ordet høyrer til ei gruppe hankjønnsord som hadde den ubundne fleirtalsendinga -ir i norrønt. I mange norske målføre endar orda på -i(r) eller -e(r) i fleirtal, og Aasen tok omsyn til det. I landsmål enda flekk på -er og -ene, til liks med ord som gjest, kvist, sau, stad, vegg og ven. I dag kan me velja kva ending me vil nytta. Me veit elles ikkje so mykje om opphavet til flekk, men det ser ut til å vera i ætt med flik og flak, og grunntydinga til ordet kan ha vore ‘flatt stykke’.
Solhallinga er ikkje flat, men me finn ofte berrflekker der om våren. Når det meste har bråna bort, ser me at det ligg snøflekker der sola får minst tak. Dette dømet syner oss at flekk gjerne vert nytta i tydinga ‘avstikkande del(ar) av ei yte’. Me talar om berrflekker når det stort sett ligg snø på bakken, og me talar om snøflekker når bakken stort sett er berr. Solflekken på golvet skil seg frå golvet elles, og dei kvite flekkene på kartet skil seg frå resten av kartet. Me kan òg nytta flekk i tydinga ‘lite område’, jamfør hageflekk, åkerflekk, potetflekk, «ein freda flekk». Dei som ikkje kjem seg av flekken, står plent i ro, og dei som gjer noko «på (flygande) flekken», gjer det straks, her og no.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.