På Bolsjom Karetnom
I sjakksongane til Vysotskij dreiv Tal med fysisk trening før sjakkpartia.
«Den store kareten» er ei lita gate i Moskva. Ho vart kjend for nordmenn gjennom attdiktinga til Jørn Simen Øverli frå 1996: «Gata di har skifta navn. Allting er forandret i vårt land. Men det er den samme gamle gata som du går. Har du aldri vært der, har du aldri levet.» Eg fatta ny interesse for gata då eg las at verdsmeister Mikhail Tal (1936–1992) hadde vanka der på 1960-talet. Eg har nemleg ein teori om Tal og Vladimir Vysotskij (1938–1980), visesongaren som i sosiologiske undersøkingar på 1980-talet blei rekna av sovjetarane som den største mannen som hadde levd etter Jesus.
Under tøvêret til Nikita Khrusjtsjov var det full fest på Bolsjoj karetnyj, i husvære nummer 11, i eit unikt miljø av kunstnarar, bohemar, intellektuelle, kriminelle, dissidentar, drankarar og geni. Her var den geniale regissøren Andrej Tarkovskij (1932–1986), som ganske ufriviljug enda livet i eksil i Italia. Vysotskij drog òg ut i verda, fekk fransk kone ein periode, men vende attende til Sovjet. Legesonen til Tal emigrerte til Israel, men for Tal var det aldri aktuelt å dra.
På Den store kareten lærte Vysotskij så mykje forbrytarsjargong at folk trudde han hadde sete inne når dei høyrde songane hans. Tal og Vysotskij fann snøgt tonen, og poeten skreiv om venskapen. Dei hadde det same skeive synet på livet, styresmaktene, partiet. Dei to var dissidentar i sjela, men så kom paradokset: Dei var elska, om enn uoffisielt, av både partiapparatet og folket. «Det er korkje tillate eller forbode å spela songane mine i Sovjet», sa Vysotskij nøgd. Tal hadde òg periodar med speleforbod, til dømes etter at han under ei offisiell tale i 1967 orsaka seg med orda «Eg har diverre gløymt kva vi markerer med denne turneringa». Vitsen til Tal vart ikkje godt teken imot i partiet, som feira 50-årsjubileum for revolusjonen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.