Frå sjakkverda

Oss arrogante (2)

Sympatiske OSS i vår tid – utan arroganse.
Publisert Sist oppdatert

Ei av dei fyrste sjakkspaltene eg skreiv i Dag og Tid, for 14 år sidan, i 2011, hadde tittelen «Oss arrogante». Her kjem oppfylgjaren.

Tittelen refererer til Oslo Schakselskap, kjent som OSS. Vi nyttar òg det litt pompøse «Sjakkens høyborg» om dei elegante lokala i Bogstadveien på Oslo vestkant. Klubben, skipa i 1884, var i over 100 år heilt dominerande i norsk sjakk. Medlemmene demonstrerte ein klassisk hovudstadsarroganse, ikkje ulikt partiet Høgre før Høgre vart eit folkeparti. Ein av dei mest arrogante periodane i OSS-historia var 1960-talet, som i norsk sjakk gav oss omgrepet «gutta/guttene fra 60-tallet».

Eg intervjua den markante OSS-legenda Erling Kristiansen i 2021, året før han gjekk bort. Eg spurde om det hadde vore nokre politiske konfliktar i miljøet. (Rett svar er ja, sidan fleire radikalarar braut ut or OSS på 1970-talet). Svaret var karakteristisk: «Nei, det var ikkje konfliktar, vi røysta jo alle på Høgre!»

Personleg lika eg Kristiansen godt. Han var dessutan frå Vardø og heldt på det nordnorske tonefallet, noko som gjorde han litt meir jovial (som Erling Norvik i Høgre) enn dei frå Oslo vest som sa de og ikkje dem i objektsform.

Snobberiet i OSS vart forsterka av at klubben objektivt sett var heilt suverent best i landet. Dette var ein sjølvforsterkande effekt – ein måtte i praksis spela i OSS for å få god nok trening til å kunna utfordra noregseliten. Då eg melde meg inn i 1981, var arrogansen framleis til stades, men eg var ikkje medveten alle mekanismane. På slutten av åttitalet møtte eg, som høgrøysta OSS-junior, Hans Olav Lahlum frå Nordland/Gjøvik. Lahlum torde ikkje prata med meg, Oslo-guten, vedgjekk han 20 år seinare, av di eg var «så arrogant».

Kor som er, alt endra seg med internett. Frå 1995 og utover kunne ein sitja på ei øy i havgapet og få speletrening i verdsklasse. I dag er OSS-arrogansen for lengst historie. Men myten om han var seigliva og har ofte vore eit problem for klubbleiinga. (Eg har sjølv vore leiar av klubben.)

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement