Orgelet – Satans verk?
Barokkorgelet i Kongsberg kyrkje er restaurert.
Foto: Marianne Løvland / NTB scanpix
Hjalmar Gullberg har skrive eit vakkert dikt om bonden Johan Magnusson, som bygde 23 kyrkjeorgel i Växjö stift, eitt av dei i smålandsbygda Kråksmåla.
Orgeln kan säga till hjärtat vad ord ej förmå./ Och Johann Sebastian Bach höll sitt inntåg i Kråksmåla, fortel Hjalmar Gullberg frå Småland.
Lenge var kyrkjeorgelet den einaste formidlaren av den klassiske musikken, Bach og dei andre, til folket i bygd og by. Heime høyrde vi Bach einast i kyrkja. Han hadde skrive salmetonar.
I dag er orgelet dronninga i kyrkjemusikken. Det har vore ein lang veg å gå.
På 600-talet vart den gregorianske kyrkjesongen skapt, ein korsong utan instrument. Instrumentmusikk minte for mykje om romarane og det utsvevande livet deira, fortel Yehudi Menuhin i musikkhistoria si. Spesielt hadde orgelet eit dårleg omdømme, fordi det var knytt til romerske gladiatorkampar og andre romerske friluftsarrangement.
Enkle orgel vart tatt til nåde i kyrkja først på 800-talet. I ein del ortodokse kyrkjer i aust er orgelet framleis utestengt frå gudstenesta.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.