«Di større rikdom, di større rekneskap», seier ordtaket. Likevel har store rike verka dragande på folk, og me har vel alle høyrt om Romarriket, Frankarriket og Det tredje riket. Det er uvisst korleis rekneskapsstoda er i dyreriket, planteriket, himmeriket og dei andre rika, men dei av oss som har rik fantasi, kan koka i hop nokre detaljrike skildringar. Dersom skildringane er gode, kan forfattaren gjeva dei ut og tena seg søkkrik, skamrik, styrtrik eller steinrik på dei.
Orda rike og rik (med avleiinga rikdom) har vore med oss lenge. Dei har mykje den same bunaden i ulike germanske mål, jamfør desse formene av rik: norrønt ríkr, engelsk rich, nederlandsk rijk og tysk reich. Rike og rik er venteleg komne inn i germansk frå keltisk. Om me går endå lenger attende, ser me at orda høyrer til ein stor, indoeuropeisk ordfamilie der me til dømes finn latin rex (‘konge’). I dag brukar me gjerne rik om folk som eig mykje, men den eldste tydinga ser ut til å vera ‘som råder over mykje’. Norrønt ríkr vart helst nytta i tydingane ‘mektig, stor, gjæv, gild; sterk’.
Rikdom og makt plar fylgjast åt, difor gjeld det å halda auga med rikingane, i alle fall om dei er rådrikne (‘maktsjuke, sjølvråduge’). Det er ikkje støtt me greier å skilja rikfolket frå mengda, for som ordtaket seier: «Rikdomen kan ein dølja, men armod ikkje.» Dei nyrike er nok lettast å få auga på, men dei gamalrike kan stikka seg ut, dei òg. Til dømes vert det sagt at «rike born vert store born»: Dei vert aldri retteleg vaksne. Folk har elles vore opptekne av skilnadene mellom fattig og rik, og me har ei rad ordtak som skildrar tilhøvet mellom dei, til dømes: «Var alle rike, so ville ingen ro.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.