JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Vêrsjuke sjuklingar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2369
20230818
2369
20230818

Sjukt mange tykkjer at sjuk og ikkje minst sinnssjuk vert nytta oftare enn godt er. Rett nok er det få som har ein sjukleg mothug mot desse orda, og snautt nokon er vortne innlagde på sjukehus for det. Men me kan trygt seia at ordbruk (og irritasjon over ordbruk) smittar, og når ein har treft mange som lid av sinnssjuk-sykja, er det forståeleg at ein er sjuk etter å høyra andre ord.

Sjuk er elles ikkje det einaste ordet vårt for ‘som er (fælt) i ulag; som har ring helse; ikkje frisk’. I artikkelen om sjuk i Norsk Ordbog skriv Aasen at nokre stader «siges oftere klen eller laak». Det gjeld enno. Sjuk er kan henda det mest herskesjuke av desse orda, for det er jamnast sjuk me møter i samansetjingar og nemningar for sotter, lidingar og stell: sjukebil, sjukdom, sjukemelding, sjukepleiar, febersjuk, kreftsjuk, barnesjukdom, virussjukdom og so bortetter.

Det er sjukt lett å kjenna att sjuk i andre mål, jamfør svensk sjuk, dansk syg, nederlandsk ziek og engelsk sick. I tysk er sjuk-fråværet stort: Adjektivet siech er nesten heilt borttrengt av krank. Sjuk skal henga i hop med eit germansk verb som tydde ‘vera sjuk(leg)’, og substantivet sott (jf. farsott, sotteseng) høyrer til same ætta. Røtene til sjuk er elles godt gøymde. Me kan velja fritt mellom dei avleidde substantiva sjuke og sykje (spysjuke el. spysykje).

Det å vera bilsjuk, fyllesjuk, humørsjuk eller krimsjuk er som oftast noko anna enn å vera alvorleg sjuk eller dødssjuk. Men krimsykje kan vera farleg for somme, so det gjeld å kjenna heile sjukdomsbiletet. Me kan òg nytta sjuk om skadde eller vonde lekamsdelar: «Eg har ein sjuk fot.» I alle høve er det sant som ordtaket seier: «Den sjuke skjønar best kva det er å vera frisk.» Å vera heime med sjukt barn jamt kan òg vera ei hard røyning.

Dersom me trår etter eller er fæle til å gjera noko, kan me få høyra at me er sjuke. Me får ikkje sjukepengar når me er pratesjuke, pyntesjuke, verpesjuke eller selskapssjuke, men slike sykjer lyt òg takast alvorleg. Når folk er råka av svartsykje eller æresykje, kan dei gjera ting som er mykje verre enn å be for si sjuke mor.

Dessutan skal me hugsa at det ikkje berre er folk og dyr som vert sjuke. Her finst vassjuk jord og sjuke elvar og vatn, og det kan koma sjukdom på vokstrane.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis