Ord om språk
Villeidd rettleiar
Den 7. april 1867 kunne lesarane av Dølen hyggja seg med eit stykke om tale- og skrivestil. Nokre av domane Aasmund O. Vinje feller her, er vortne vidgjetne. Han skriv til dømes at målføringa åt «den lærde Philologen» er kjenneteikna av «lange Inleidningar til stutte Tankar» eller «store Trapper til smaae Hus». Det treng ikkje vera gale med lange innleiingar, i alle fall ikkje når det som kjem etter, er verdt å venta på. Likevel er det ein føremon å koma snøgt til saka.
Saka her er det nedervde verbet leia. Me finn det i ei rad germanske mål, jamfør til dømes dansk lede (og bokmål lede), svensk leda, engelsk lead, nederlandsk leiden og tysk leiten. Granskarane kan fortelja oss at leia er kausativ til det sterke verbet li(da), som har grunntydinga ‘gå’ (ofte nytta om tid, jf. «det lakkar og lid», «hausten er liden», «når det lid på»). Den opphavlege tydinga til leia var soleis ‘få til å gå’. I dag har ordet ei litt vidare tyding: Me nyttar leia om det å føra noko eller nokon i bokstavleg eller biletleg meining.
Å leia kan til dømes vera å føra nokon med handa eller i eit band: «Han kom leiande med hesten.» «Dei gjekk og leiddest.» «Kua vart leidd til stut i går.» I bokmål og nokre talemål er det vanleg å nytta forma leie når ein talar om å føra med handa eller gå hand i hand (t.d. «leie hverandre»), og so nyttar ein lede om andre former for føring (t.d. «lede noen mot utgangen», «en ledende skikkelse»). I nynorsk nyttar me leia om alt. Me leier eit barn, leier ei verksemd, stiller leiande spørsmål og leier eit skirenn. Jamvel livlause saker kan leia, til dømes seier me at kopar leier elektrisk straum godt (jf. òg lynavleiar).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.