JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Usedvanleg sedlaus

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2361
20230714
2361
20230714

«Used er lettare lært enn avlagd», seier ordtaket. Vonlaust er det likevel ikkje. På same vis som me kan læra oss gode seder, kan me leggja av oss useder. Stundom lyt sedskapspolitiet koplast inn, men mykje av det som vert kalla sedløyse, er so meinlaust at folk ordnar opp seg imellom. Til dømes når nokon syng sedlause viser. Sedskapsforbrytarar flest har gjort verre ting enn det.

Kva som går for å vera sed og used, skifter med tid og stad. «Kvar sokn har sine seder», heiter det. Og: «Andre tider har andre seder.» Levemåtar som har vore rekna som usedelege, kan med tida verta fullt ut godtekne. Andre tider har òg andre ord, og det kan henda at glanstida til sed er over no. Mange i dag møter nok sed fyrst og fremst i faste ordlag («gamle seder og skikkar») og samansetjingar som sedvane (og sedvanerett) og usedvanleg.

Sed har vore med oss lenge, og det same kan me seia om tydingane ‘bruk, skikk; tilvand åtferd, vane’. I norrønt vart ordet òg nytta om gudstru (slik ho syner seg i seder og liv). Vendinga «den gamle (forne) seden» viste til heidendomen, medan «den nye seden» var kristendomen. Seinare er sedelære nytta som avløysar for ‘moralfilosofi, etikk’. Aasmund O. Vinje og andre tidlege målfolk nytta sedhevd for ‘danning, kultur’, men det ordet har ikkje slege igjennom.

Me veit lite om bakgrunnen til sed. Ein teori er at det kjem av ei rot som tyder ‘binda’, og at sed soleis er i ætt med ord som sele og sene. Det rimar bra, i alle fall biletleg. Skal ein verta eit velseda menneske, lyt ein læra å leggja band på seg. Ja, det er berre å leggja seg i selen! Rett nok finst det slikt som fri barneoppseding, men skal ein leva eit sedeleg liv, må ein ha ei viss styring på impulsane sine.

Sed og sedeleg kan visa til god og høveleg åtferd reint ålment, og adjektiva illseda, useda og vanseda kan nyttast om folk som ikkje eig folkeskikk. Men sed-orda har òg ei meir avgrensa tyding: Me nyttar dei ofte om slikt som har med kjønnslivet å gjera. Sedlaus og usedeleg svarar då gjerne til grov, dryg og usømeleg («usedeleg prat»). I meir alvorlege tilfelle talar me om sedskapsbrot og sedskapssaker. Somme målfolk gjer i alle høve det. Fleirtalet grip til heit-ordet sedelegheit, og den useden legg dei nok ikkje av seg med det fyrste.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis