Ord om språk

Uryddig tankegang

Publisert

«Lat oss rydja og byggja oss Grender, og so eiga me Rudningen trygt», står det i «Nordmannen» av Ivar Aasen. Ymse rydjegjengar har sidan vore på ferde i skriftmålet han reiste. Skrivemåten rudning gjekk ut or rettskrivinga i 2012, so no står me att med rydning (‘stad som ein ryd eller har rudt; open flate i skogen’). Rydja er framleis innanfor (bøying: ryd, rudde, har rudd el. rudt). Det vanlege er å nytta rydda (a-verb), som truleg er ei dansk form, men her skal rydja få svinga seg.

Aasen har gjeve rydja denne hovudtydinga i Norsk Ordbog: ‘rense for Træer og Buske (…) forberede et Jordstykke til Dyrkning ved at bortskaffe Skov, Krat, Rødder etc.’. Til grunn for verbet ligg ei rot med tydinga ‘riva opp, slita (ut)’. Ein lyt gjerne rydja før ein kan byggja, og mange gardar og plassar har fått namn etter rydjinga. Substantivet rud (‘rydning’) finn me i usamansette namn som Rud, Rød, Rui, Røe og Rødde, og rydning/rudning har gjeve oss Rønningen. So kjem alle samansetjingane, som Linderud, Jonsrud og Rustad.

Mykje av rydjearbeidet vårt går ut på å flytta eller fjerna handfaste saker. Me kan rydja i hagen, rydja kvister av eit tre, rydja på loftet eller kontoret, driva med snørydjing eller minerydjing, rydja av bordet og inn i eller ut or oppvaskmaskina. Det gjeld å rydja opp etter seg! Men utrydjing er sjeldan greitt. I alle høve er det betre å utrydja farlege sjukdomar enn å senda folk i utrydjingsleirar og vanvyrda utrydjingstruga arter.

Biletlege rydjeaksjonar har me òg. Folk som aldri har rørt ei rydjesag eller liknande, kan fint rydja veg for nokon – eller rydja nokon or vegen. Folk kan seia noko som ryd bort all tvil eller ryd unna vonde tankar. Diverre finst det òg fordomar som synest å vera uutrydjelege. Mange rydjegutar og rydjejenter har til arbeid å rydja på serveringsstader, men orda vert òg nytta om folk som ryd opp i problem av ymse slag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement