Ord om språk

Under frysepunktet

Publisert Sist oppdatert

Frosenpinnar i frostharde strok har leie månader i vente. Ja, mange stader har det alt vore berrfrost eller turrfrost, rimfrost, nattefrost, gnaldrefrost eller gnallfrost (‘sterk frost’). Bekker og elvar frys til eller frys att, og vassrøyr kan frysa sund. Å ferdast ute i frostrøyk og frostluft på frostklåre dagar kan vera fint, det, berre ein slepp frostskadar.

Dersom dei nærskylde orda frost og frysa hadde vorte djupfryste i mellomalderen og tekne opp att no, hadde dei sett slik ut: frost og frjósa. Frost provar at grammatisk kjønn ikkje er fastfrose. I norrønt var frost inkjekjønnsord. Det var likeins i landsmålet til Ivar Aasen. Ei stund ymsa kjønnet, både i målføra og i skrift. Hjå Arne Garborg er frost både hankjønn og inkjekjønn. I Grindegard skriv Tarjei Vesaas «ei frost». I dag er frost jamnast hankjønnsord.

Kva med stadnamnet Frosta? Me veit ikkje for visst kvar det kjem frå, men om me skal tru tolkinga som er nemnd i Norsk stadnamnleksikon, heng Frosta i hop med eit gamalt ord for ‘rygg, fjelltopp’. So namnet er frostfritt, ser det ut til.

Attåt det sterke verbet frysa har me det linne verbet frysa (fryser – fryste – fryst). Det tyder ‘frysa ned for konservering’ («fryste grønsaker»). Ordet er ei fylgje av moderne fryseteknikk og kom i bruk etter andre verdskrigen. Det hadde ikkje vore nokon frosenpizza utan frys(ar), fryseboks, fryseskåp, frysedisk, frysebil og fryselager.

Dei to frysa-verba har det med å frysa ut frøysa. Men frøysa toler frost, og det kan nyttast i tydingane ‘få til å frysa’ («frøysa mat»), ‘skadefrysa, forfrysa’ («frøysa føtene») og ‘gjera likesæl og kald’ («ein frøyst hug»). Det hadde vore gjævt om frøysa fekk ein opptur, men det hender nok ikkje før helvete frys til is.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement