Ord om språk

Uhøvelege høvesdikt

Publisert Sist oppdatert

Er høve eit tidhøveleg ord? Tidhøveleg vert gjerne nytta om noko som er på høgd med samtida, eller som høver med smaken eller moten i tida. Me kan trygt slå fast at ord som moderne, trendy og in i mange krinsar er meir tidhøvelege enn tidhøveleg, men spørsmålet galdt høve, og det ordet har tolleg gode livs- og arbeidstilhøve. Mange har skjøna at høve høver til so mangt.

Særleg i den nynorske tradisjonen står høve sterkt, men det må òg nemnast at Knud Knudsen, «far åt bokmålet», gjerne nytta høve. Seinare vart høve mestsom eit samnorsk signalord, jamfør Arnulf Øverland: «En lojal bokmålsmann greier sig gjerne med ymse og høve og omsyn. Har han sagt det, da synes han, han har gjort det godt» (frå Riksmål, landsmål og slagsmål, 1956).

Høve kjem av verbet høva, som er skyldt eit inkjekjønnsord som i dag er heller sjeldsynt: hov (‘tilmåting, måte(hald)’, norrønt hóf ‘måte, måtehald, tilhøve’). Hov heng i hop med norrønt hefja (‘lyfta, ta opp’, som òg har gjeve oss opphav). Kan henda tydde hov fyrst ‘lyfting, (opp)tak’, som seinare vart ‘halding, måte’. Lånorda behov og behøva høyrer til denne ætta.

Kva med høfleg og høvisk? Det ligg nær å tenkja at det er eit samband her, sidan orda liknar høveleg i form og tyding. Men høfleg og høvisk, som er komne til oss frå lågtysk, heng i hop med hoff og hov (‘heidensk gudshus’, jf. norrønt hof ‘gard, gard med gudshus’).

Arveordet høve er stutt i høve til lånorda anledning, forhold og moglegheit, og det tener som avløysar for alle saman: «Det kjem folk hit i høve 70-årsdagen.» «Eg blandar saft og vatn i høvet 1 : 5.» «Om du har høve til det, må du gjerne diska opp med eit høvesdikt.» Diktarar skal helst vera visshøve (treffsikre) i ordvalet. Adjektivet høv (‘høveleg, råkande’) ter seg oftast i samansetjingar, som vandhøv (‘vand å gjera til lags; vand å råka’), våhøv (‘som lett glepp eller mislukkast’) og nemnde visshøv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement