Ord om språk

Tungbeden belar

Publisert

Soltilbedarane har det vanskeleg no om dagen. Dei kan kasta bedande blikk mot himmelen og beda om godt vêr i bokstavleg meining, men sola gjer ikkje som ho vert beden om. Ho bed farvel og dreg seg meir og meir unna. Då er det betre å beda nokon ut eller beda folk på kaffi eller middag. Dei som ikkje vert bedne, kan nok finna på å dukka opp ubedne og krevja at me bed om orsaking. Eller so er dei like blide og bed oss helsa selskapet.

Å hoppa over ordhistoria er å beda om bråk. Slike utelatingar vil ikkje lesarane vita av, eller som det heiter på sidemålet: Det vil de ha seg frabedt. Vel, eg er ikkje vond å beda! Det ser ut til at det sterke verbet beda (el. be) kjem av ei rot som opphavleg tydde ‘bøya seg ned’, som snart vart ‘halda bøn, æra’. Mange kneler når dei bed, so den forklaringa verkar rimeleg. Det hender òg at folk som belar, går ned på kne. Beda og bela (bm. beile) er nærskylde ord. I landsmålet kjem likskapen godt fram: Der heiter det bidja og bidla.

I målføra vert infinitivsforma ofte uttala bea eller be, men andre former finst òg, som bije, beia og bøa (jf. Norsk Ordbok). Ordet kan bøyast på ulike måtar i nynorsk. Her er mønsteret beda – bed – bad – bede nytta. Beda er ikkje i ætt med bed som i blomebed, og det ser ikkje ut til at det er i ætt med verbet bia (‘venta’). Men betla (‘tigga’, frå tysk betteln) høyrer til her. Det er same ordet som bela (og beile).

Me kan nytta beda når me talar om tigging: «Ho gjekk i gardane og bad.» «Utanfor stod ein bedarkall.» I Norsk Ordbok støyter me på ordet bedeferdig, som tyder ‘arm, fattig so ein er ferdig til å tigga’. Når folk bed so pent dei greier, til dømes ved å seia «kjære», kan me seia at dei kjærar og bed (el. kjærbed). Me har elles ei rad samansette ord som tyder ‘beda lenge og inntrengjande’, som naudbeda, nibeda, knebeda og tråbeda. Og som ordtaket seier: «D’er leitt å beda lenge om lite.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement