Ord om språk

Svorne tilhengjarar

Publisert Sist oppdatert

«Den som ofte sver, er lite truande», seier ordtaket. Ja, folk som jamt seier sanninga, ser nok ingen grunn til å driva og sverja i tide og utide. I andre enden av skalaen har me dei som ikkje held seg for gode til å ljuga og meinsverja (‘gjera meineid’).

Sverja vert òg nytta om banning, både i norsk og andre mål (t.d. eng. swear ‘sverja; banna’). Det kan verka underleg at det same ordet viser til høgtidlege fråsegner og bannskap, men dei to sakene heng tett i hop. I innleiinga til Norsk banneordbok skriv Ruth Vatvedt Fjeld: «Når vi sverger, tar vi det hellige eller den høyere makt som vi sverger ved, som vitne på at det vi sier, er sant eller skal skje. Det vanlige i vår kultur var lenge å sverge ved de religiøse maktene, men etter hvert ble det også vanlig å sverge ved det motsatte, nemlig de onde maktene.»

Det sistnemnde var alvorleg og farleg, for det ein gjorde når ein svor ved fanden, var å lova seg bort til han etter dauden («forskriva, forsverja seg til fanden»). Å sverja ved dei gode maktene kravde òg varsemd. Som mange av oss har lært: Me skal ikkje misbruka Guds namn.

Sverjing er soleis noko som er rett og naudsynt i visse samanhengar, men som òg kan brukast gale. Sverja er skyldt svar. Orda skal koma av ei rot som tyder ‘tale’.

Eit ord som har mykje sams med sverja, er eid (bm. ed). Det femner både høgtidlege fråsegner («sverja rang, falsk eid», «ei eidsvoren pakt») og kraftuttrykk eller banning («setja i ein eid», «ein saftig eid»). Me veit ikkje mykje om opphavet til ordet, heller ikkje om det har ei kopling til eid (‘landstripe med vatn på sidene’). Kva med banna? Det er vanleg å gå ut frå at det heng i hop med bøn. Banning og forbanning er mestsom ei «u-bøn»: Me bed om det vonde.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement