Ord om språk
Svevndrukne kaffidrikkarar
I helga kjem det til å verta drikking og bråk mange stader. Nokre skal i utdrikkingslag, der drikkepresset kan vera sterkt. Folk plar rett nok drikka noko kvar dag, og me er ille ute dersom vatnet ikkje er drikkande. Men når drikka står åleine, tyder det gjerne ‘ha i seg alkoholdrikk; misbruka alkohol’. Dimed kan ein sitja og drikka kaffi og seia at ein ikkje drikk. Den som drikk, kan tura og drikka, drikka tett, drikka seg full og drikka seg til mot.
Nokre drikk opp løna si eller drikk seg frå gard og grunn. Kan henda freistar dei å drukna sorgene sine, men syrgjeleg ofte er rusdrikken til meins for både drikkarane og dei ikring. Målet vårt druknar i nemningar for folk som drikk (for) mykje, som drukkenbolt, ovdrikkar, periodedrikkar (el. -drankar), skåpdrikkar, stordrikkar og vanedrikkar (el. -drankar). Ein kan kappdrikka, sidrikka, smugdrikka og verta skildra som drikkfeldig, drukken (‘rusa; ør; gjennomsyrt av’), fordrukken eller dauddrukken.
I folketrua og bokheimen finst det drikker som er sterke på anna vis. Gløymsledrikken får ein til å gløyma, kjærleiksdrikken vekkjer elskhugen, og styrkjedrikken gjer den som drikk, uhorveleg sterk. Jamvel i den røynlege verda finst det drikker som styrkjer og kveikjer (jf. energidrikk). Det finst òg folk som serverer giftdrikk eller tuklar med drinken til andre.
Mange stader er det vanleg å seia drekka og drekk (notidsform). Slik var det òg i norrønt (drekka, drekkr). Islandsk og færøysk har framleis former med e. I båe dei norske skriftmåla har verbet former med i, og i-en kan ha kome inn på minst to måtar. I Våre arveord (Bjorvand og Lindeman, 2019) står det at forma drikka somme stader kan vera laga etter mønster av verb som stikka, medan forma andre stader snarare kjem av dansk drikke.
Når det gjeld nemningar for ‘væske til å drikka’, har me både eit hokjønnsord («ikkje ta drikka mi»), eit inkjekjønnsord («få godt drikke») og hankjønnsorda drikk og drykk («ein god torstedrikk/torstedrykk»). Forma drykk er mest nytta «vest og syd i Landet», skriv Aasen i Norsk Ordbog.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.