JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Sugen på sugemerke

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2366
20230922
2366
20230922

Me menneske er sogdyr. Eller pattedyr og spendyr, som er andre ord for det same: dyr som andar med lunger og har mjølkekjertlar som skil ut næring til avkjømet. Sogbarn, sugebarn og sugarunge er nokre av nemningane for ‘barn som syg bryst’. Ei sogmor er det same som ei amme. Me kan seia at me byrjar livet med suging, men det tyder ikkje at livet syg.

Soga til suga er heller ukjend, men ei rimeleg gissing er at grunntydinga til ordet var ‘draga i seg brystmjølk, dia’. Det nærskylde hokjønnsordet suge tyder ‘brystmjølk’ («gjeva barnet suge»). Mellom dei andre formene til verbet finn me nederlandsk zuigen og tysk saugen. Engelsk suck (‘suga’) og soak (‘bløyta’) høyrer òg til her. Det same gjeld vårt supa og inkjekjønnsorda sog og sug.

Sidan me er inne på ungar og mjølk: Det vert spanande å fylgja med på verbet amma frametter (av substantivet amme, skyldt norrønt amma ‘bestemor’). Amma har vore nytta om det å gjeva bryst, medan dia (som heng i hop med gresk thele ‘brystvorte’) helst har vore nytta om å få bryst, endå det kan nyttast om å gjeva bryst òg. Det finst døme på at folk no nyttar amma om å få bryst («babyen/kattungen ammar»). Men kjem det til å verta vanleg? Er dia på veg ut?

Ungar kan elles suga på smokken og tommelen i tillegg til å suga i seg mjølk, og sugeevna vår vert ikkje borte med alderen. Ho syg seg fast! Folk i alle aldrar drikk med sugerøyr og syg på drops. Nokre skyt piler med sugekopp. Det å suga på sigaretten og visse kroppsdelar hjå andre (jf. kuksugar) er for folk over ein viss alder. Feittsuging er heller ikkje for alle.

Munnen er det viktigaste sugeorganet vårt, men ikkje det einaste. Nasen og øyro driv med noko som liknar suging: Me syg inn den friske haustlufta og syg i oss eller til oss alt som vert sagt. Å suga noko av eige bryst er å finna på eller nå fram til noko sjølv. Dessutan kan lekamen suga mestsom på eiga hand. Stundom syg det for bringa, og svolten har noko sugande over seg. Me kan kjenna eit sog i magen av andre grunnar òg.

Slamsugarar og støvsugarar er nyttige, men blodsugarar og utsugarar skal me halda oss unna. Nokre av dei som råkar ut for slike folk, må suga på labben lenge etterpå. Sæle er dei som har sugerøyr i statskassa! Og som vanleg gjeld det å ikkje gå med i dragsoget.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Andrev Walden er journalist og illustratør. Debutromanen frå i fjor kom på norsk i vår.

Foto: Jessica Gow / TT / NTB

LitteraturKultur

Livet med ein flaum av stefedrar

I mange år tenkte Andrev Walden at han skulle skrive om oppveksten sin, men han visste ikkje korleis. Då han omsider fann den rette tonen, blei romandebuten ein internasjonal suksess.

Jan H. Landro

NTNU, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, med hovudsete i Trondheim, er det største universitetet i Noreg, med campusar i Gjøvik og Ålesund.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– Universiteta treng ei realitetsorientering

Me bør ikkje ha studietilbod som ingen etterspør, meiner Ola Borten Moe.

Feature
Svein Gjerdåker

Bønder i krigstid

UKRAINA: Ukraina har noko av den mest grøderike jorda i verda. Svartjorda deira er fascinerande. Denne djupe, humusfylte jorda som går milevis innover dei ukrainske steppene. Eg reiste til Ukraina for å møta bønder i dette enorme jordbrukslandet.

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Eivor Andersen Oftestad

Menneskeverdet er ikkje så sjølvsagt som vi trur

Sjølv om den sekulariserte versjonen av menneskeverdet framleis vert forstått som retten til liv og omsorg, er det noko som har vorte borte på vegen.

«Lodderáidaras / Melkeveien» (2022), detalj.

KunstMeldingar

Som ein trojansk hest

I utstillinga til Britta Marakatt-Labba, Sylkvasse sting, er dei fleste verka broderi, men her er ingen søte blomar. Sting for sting får me ei sirleg framstilling av blodig alvor. Museumsvaktene står for ei eiga absurd framsyning som dessverre ikkje er dagens performance.

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis