Språkmektige makter
Makt korrumperer, vert det sagt, men det er ikkje verdt å prøva å fjerna makta med handmakt. Dersom me tek i av all makt, maktar me i beste fall å rikka ørlite på makttilhøva. Å ringja ordensmakta hjelper lite, for det står ikkje i deira makt å tyna alle maktapparat. Me skal likevel ikkje lata vanmaktskjensla maktstela oss. Maktfordeling er beste boteråda mot ovmakt, eller som ordtaket seier: «Måteleg makt er alltid best.» Me har soleis ei lovgjevande makt, ei iverksetjande eller utøvande makt og ei dømande makt. Mange av dei som har ordet i si makt, søkjer seg til den fjerde statsmakta, pressa.
Makt og dei nærskylde orda makta og mektig kan sporast attende til lågtysk macht. Denne ordflokken har vore med oss ei stund, jamfør yngre norrønt makt (‘makt, evne’, sideform mekt), mekta (‘vera i stand til; gjera sterk’) og mektugr (‘mektig; gjæv, gild’). Før desse orda smaug seg inn i nordisk, og i lang tid etter det òg, nytta folk gjerne megin, megn eller magn (‘styrke, kraft; helsetilstand’) og máttr (‘styrke, kraft; helsetilstand; buskap’). Ordlaget «mått og megin (el. megn, magn)» er ein fin avløysar til «kraft og styrke». No skjønar me at det er mykje kraft i namn som Magne og Magnhild.
Alle dei nemnde orda heng i hop med verbet måtta (norr. mega, ty. mögen). Dette ordet har grunntydinga ‘kunna, vera i stand til’ – ei tyding me finn att i makta, til dømes. Norsktalande tykkjer ofte at det er morosamt når danskar nyttar måtta om å kunna eller få lov til noko («må jeg gå nu?»). Engelskspråklege nyttar verbet på mykje den same måten («may I go now?»), utan at me flirer åt dei. Tydinga ‘vera nøydd til’, som er den me gjerne nyttar, er yngre enn dei ovannemnde. Engelsk almighty (t.d. «God almighty») svarar til allmåttug og allmektig.
Makter kjem i mange former: Me talar om gode og vonde makter, høgare makter, mørkemakter, framande makter og gamle kolonimakter. Her finst kongemakt og folkemakt, fullmakter og maktelitar som er mektig stolte over det dei har fått til. Det er elles ikkje gjeve at maktglade folk likar mektig mat. Men dei likar å ha definisjonsmakta, og dei seier ikkje nei takk til maktkampar. Makta råder, men det er maktpåliggjande å minna om dette velklingande ordtaket: «List og lempe vinn meir enn makt.»
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?
Teikning: May Linn Clement
17. mai-pengar
«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.