JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Rumpestumpen til surpompen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2375
20230630
2375
20230630

Takk vere den store rumpemuskelen kan menneskja reisa seg frå ein stol, gå opp ei trapp – ja, gå på to bein i det heile. Men mange av oss tenkjer nok mest på korleis rumpa ser ut. Nokre trenar rumpa jamt og drøymer om struttande rumpeballar (jf. sprettrumpe). Litt rumpetrening er betre enn å sitja på rumpa heile dagen, men det er no so at me kjem til verda med ulikt utgangspunkt. Det gjeng an å leva med hengjerumpe òg.

I alle høve er det fin sprett i ordet rumpe, som i tillegg ‘bakende, sete’ kan tyda ‘hale’ (t.d. kurumpe, stubbrumpa, rumpetroll). I målføra finst jamvel hankjønnsordet rump (‘bakende; spordstykke; rund bergkoll’). Engelsk rump (‘bakdel, halestykke, lårsteik’) er lånt frå nordisk. Bakgrunnen til orda er uviss, men truleg har det noko å seia at dei rimar på ei rad andre ord som viser til tjukke, rundvorne saker.

Oppi den språklege rumpetaska vår har me til dømes gump (‘bakende’), hump, klump, lump (‘vedkubbe; tjukt eller stort stykke’ mfl.) og engelsk bump (‘kul; støyt’) og lump (‘klump, kul’). Me kan ta med pomp òg (‘liten og tjukk person; bakende; sur og treg person’). At rumper flest er rundvorne, er det ingen tvil om (jf. rumpeball). Tidleg i livet plar rumpa vera slett òg («glatt som ei barnerumpe»).

Det kan vera freistande å klypa, stryka og klaska på denne runde og utståande kroppsdelen, men om ein rører rumpa til nokon som ikkje ynskjer det, har ein fortent å få ord som rasshòl kasta etter seg. Ja, for me er vel samde om at rass (og rauv) er grøvre enn rumpe og høver betre i skjellsord? Og at rumpe er grøvre enn bakende, sete, stump og dilikt? Ordet rumpesleikjar og vendinga «kyss meg i rumpa» har ikkje same krafta som rauvsleikjar og «kyss meg i rauva/rassen».

Nokre har glede av å dra ned bukserumpa og få noko stukke opp i rumpa, men her er det eit mishøve mellom språket vårt og røyndomen. So godt som alle personnemningane som er knytte til analsex, er negative og vert nytta om homoseksuelle menn, som rompis, rauvpular og skinkeryttar (lista er endelaus). Kvifor er det slik, når me veit at ein del heteroseksuelle har slik sex, og at ein del homoseksuelle menn ikkje har det? Kan henda er tabuet knytt til rumpa so sterkt at «dei normale» gladeleg lèt att augo og lèt «dei unormale» ta heile støyten.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis