JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Rask på labben

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2368
20230616
2368
20230616

Om ein kjenner seg frisk og rask, kan ein ta på seg raske briller og susa av garde på sykkel eller noko anna som trillar fort. Sit ein derimot inni ein rask bil, har ein radt ikkje same trongen for slike briller. Likevel kan ein tykkja at dei er kule, brillene, og det finst folk som raskt gjev mange tusen for eit godt par. Men no lyt me raska på, so ikkje heile stubben druknar i brillepreik og anna rask.

Adjektivet rask (‘snøgg, frisk, djerv’) og substantivet rask (‘avfall, bos, skrap’) har strengt teke ikkje noko med kvarandre å gjera. Når me raskar til oss noko eller raskar noko i hop, går det som oftast raskt, men det ser ikkje ut til at orda er skylde. Raska (‘rota, samla (snøgt og uvyrde), triva til seg’) kjem av rask (jf. «rusk og rask»), og opphavet til dette ordet er uvisst.

Det raske og rørige adjektivet rask vert gjerne rekna som eit lågtysk lånord. Grunnen er at ordet ikkje er funne i norrønt og nyislandsk. Dei andre nordiske måla har det: færøysk raskur (‘dugande, drivande, frisk’), dansk rask (‘frisk, snøgg, framtøk’) og svensk rask (‘snøgg, frisk, opplagd’). Andre former av ordet er engelsk rash (‘tankelaus, bråfus’) og tysk rasch (‘snøgg’). Bjorvand og Lindeman skriv i Våre arveord (2019) at adjektivet kan ha funnest i nordgermansk, endå me ikkje ser det i norrønt, og at det kan ha same opphav som verbet rasa.

Men om norrønt ikkje har ei form som svarar til rask, har det eit ord som liknar: röskr. Det tyder ‘dugande, god, djerv’ (jf. òg verbet röskvast ‘mogna, verta vaksen’).

Er det noko samband mellom rask og röskr? Tja, sei det. Granskarane er usamde. Rask er elles oppslagsord i Norsk Ordbog av Aasen, men han fortel oss òg at ordet er lite nytta i målføra. Han tok òg med rask i Norsk Maalbunad. I den boka er orda ordna etter tyding, og rask står saman med adjektiv som brå, fim, fljot, kvik, rapp, snar, snøgg og snåp.

Til sist gjer me eit lynraskt hopp bort til overraska. Ikkje overraskande har det grunntydinga ‘vera raskare enn’ (etter tysk überraschen). Ein kan nok overraska nokon med å vera treg, men det vanlege er at «overraskarane» ligg eit steg føre. Avleiinga overrasking viser ofte til (uventa) utsegner og hendingar, men me kan òg nytta det om noko handfast: «Dei hadde med ei overrasking til ungane.»

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis