Ord om språk

På det jamne

Publisert

Dei siste vekene har brøyte- og strøyebilsjåførane slite jamt og trutt, likevel har folk mist jamvekta og falle på glatta. Det vert jamnast nokre slike hålkebolkar vinterstid. Å breia grus eller liknande jamt utover plar hjelpa, og nokre stader strøyer ein berre på eine sida av gangvegen, so folk på sparkstytting slepp å tverrstogga jamt og samt.

Ordet jamn er ikkje ueffe, men jamn og effen er same ordet. Effen er den lågtyske forma av jamn. I nederlandsk og frisisk svingar forma seg framleis. Andre former av adjektivet er norrønt jafn og jamn, dansk jævn (og bokmål jevn), svensk jämn, engelsk even og tysk eben. Opphavet er uvisst. Effen og ueffen har i fyrste rekkje vore nytta om tal, høvesvis partal og oddetal (jf. «efne og uefne tal», «jamne og ujamne tal», eng. «even and odd numbers»). På eit tidspunkt har effen òg fått tydinga ‘brukande, dugeleg’. Ei løysing som ikkje er heilt ueffen, er med andre ord tolleg god.

«Jamt og smått er likast i lengda», seier eit ordtak. «Jamnen gjer største monen», seier eit anna. Ja, over tid svarar det seg å arbeida fast og måteleg hardt. Det jamne er best i mange andre samanhengar òg. Ein jamn veg er lettare å ferdast på enn ein ujamn veg. Å vera i lag med jamlikar og jamna ut økonomiske skilnader er visst òg gildt. «Millom jamningar helst er eg nøgd», skreiv Aasen. Jamne kampar og spel er jamnast morosamare å fylgja med på enn ujamne, og folk med ujamt humør kan vera vanskelege å ha med å gjera. So ja, det at noko er jamt eller på det jamne, er ofte godt. Men ingen regel utan unnatak: Jamsides nedslag er på ingen måte jamgodt med telemarksnedslag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement