JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Ordsmidingsmeister

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2361
20240202
2361
20240202

«Kor torer eg yrkje kvæde / av vanegraa kvardagsord», heiter det i opninga på eit dikt i Runemaal (1914) av Olav Nygard. Den 11. februar er det hundre år sidan han døydde. Sidan Nygard er kjend for målet sitt, lyt me æra han i språkspalta. Men det er vel ikkje nett «vanegraa kvardagsord» denne diktaren er kjend for?

«Nygard var ein ordkomponist», skriv Gunnstein Akselberg i artikkelen «Språk og språkbruk hjå Olav Nygard» (1997). Dei samansette orda kjem tett hjå Nygard, og mange av dei er nylagingar som einast finst hjå han. Han skriv om flogskoddegry, grjotbergmunnar, hugsynsbivring, lauvhengløyne, solsprettsus og saarverk-styng.

Andre diktarar i samtida dreiv òg med ordsmiding, til dømes finn me uvanlege samansetjingar hjå Kristofer Uppdal og Olav Aukrust. Brorsonen til sistnemnde, Kjell Aukrust, driv radt gjøn med heile denne generasjonen landsmålsdiktarar når han lèt figuren Hallstein Bronskimlet nytta ord som byrkjefaus (‘optimist’), fjåsvrengje (‘drivfjør’) og glufsesprutgreie (‘påhengsmotor’).

Nygard var likevel i ei klasse for seg, og mengda med samansetjingar auka for kvar bok. Granskaren Johs. A. Dale rekna på det. I Flodmaal (1913) er det om lag 4 samansette ord på kvar side i gjennomsnitt, i Runemaal (1914) er det 5,5, i Kvæde (1915) 8,5 og i Ved vebande (1923) 14, skriv Dale i boka Olav Nygard (1957, s. 65). Flogskoddegry og resten av Nygard-orda ovanfor er alle frå Ved vebande.

Men kvifor er samansetjingane der? Mange av orda knyter noko uhandgripeleg i hop med ein handfast stad eller ting, som gløymslesekk, hugstrand, kjenslegruve, sæleskrin og visdomsgangar. Soleis vert «abstraktet på ein måte sansande», som Dale skriv. Det som elles kunne ha vorte vel luftig og utflytande, får ei tydeleg form og avgrensing.

Gjennom å setja orda saman kan Nygard på ein blunk skapa eit heilt bilete i lesaren. Å nytta orda kvar for seg er ikkje det same: Den konsentrerte forma «slår» meir. Lekkane er nøye utvalde. Dei skal vekkja dei rette assosiasjonane og helst klinga godt i lag. Høyr på lauvhengløyne, til dømes. Bivrebylgjur. Avdagsdimt.

Kan det verta for mykje av det gode? I nokre tilfelle, kan henda, men fengslande er det like fullt. Neste veke ser me nærare på nokre av dei «vanskelege» einskildorda hjå Nygard.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis