JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Ord om språk: Roting på roteloftet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2378
20240426
2378
20240426

Når ein rotar rundt i roteskuffa, kan mykje rart dukka opp. Og det er ikkje berre rotekoppar og rotehovud som har ei slik skuffe heime. Dei sakene me ikkje vil ha framme, men som (me trur) me kan få bruk for seinare, hamnar lett på eit roteloft eller roterom – eller i roteskuffa.

Sidan me har rota oss borti dette med rot i heimen, lyt me òg nemna ordet rotehus. Det kan me nytta om ein heim som plar vera rotete («no kjem de til eit rotehus»), og om lag og verksemder som ikkje har orden i sakene sine («ho leier eit økonomisk rotehus», «klubben er eit stort rotehus»).

Det hadde høvt bra om soga til rota (‘grava; gjera uryddig’) og rot (‘uorden, røre’) var eit einaste rot. Eit visst innslag av rot og røre er det sanneleg òg. Det Norske Akademis ordbok koplar verbet rota til substantivet rot (‘den delen av ei plante som går ned i jorda’). I Norsk etymologisk ordbok (2013) av Yann de Caprona står det at rota kjem av den same indoeuropeiske rota som latin rodere (‘gnaga’) og lånordet erosjon (eig. ‘avgnaging’).

Men i Våre arveord (2019) av Bjorvand og Lindeman, som gjev oss den mest utførlege utgreiinga, står det inkje om rot (i tydinga ‘plantedel’) eller indoeuropeiske ordrøter. Om verbet rota skriv dei to granskarane at «mulige motsvarigheter kjennes ikke utenom de germanske språkene». Har språkspaltisten rota det til for seg gjennom å jamføra ulike ordbokartiklar? Eller er det nokon av ordbokforfattarane som rotar?

Det me veit, er at rota har grunntydinga ‘grava, kara’. Nokre dyr, til dømes grisen, rotar mykje, og eit par nemningar for rotereiskapen til dyr heng i hop med rota: gamalengelsk wrot (‘tryne, snabel’) og tysk Rüssel (‘snabel’). Folk rotar oftast med hendene, jamfør «rota rundt i veska» og «rota saman litt mat». Men me kan rota med andre kroppsdelar òg, som når me «rotar med nokon» på fest.

Mange byrjar rota på sine eldre dagar. Ein rekk å rota mykje før det òg, til dømes kan ein rota bort (‘missa’) nyklane og rota bort (‘søla bort’) ein heil føremiddag, rota i andre sine saker (‘blanda seg borti’), rota rundt i ein framand by (‘virra ikring’), rota seg bort (‘gå seg vill’) og rota seg inn i, opp i eller bort i noko (‘hamna i (uynskt) situasjon’). Sjølv har eg i alle fall fått rota meg til å skriva om rota.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis