Oppbretta brok i bratta
«Å bretta er i grunnen ‘å gjera bratt’, og i norrønt hadde bretta just tydinga ‘reisa opp, reisa seg’.»
Teikning: May Linn Clement
I dag skal me bretta opp ermane og bretta ut privatlivet til bretta. Dei som ikkje er huga på det, kan blada vidare eller rett og slett bretta saman avisa. Me andre skal halda oss rake og bratte i ryggen og ta oss fram mellom hengjebratte bjørkelier, hoggbratte bakkar og stupbratte fjellvegger, for soga om bretta byrjar sjølvsagt med bratt.
Bratt (norr. brattr) viser til noko som hallar mykje. Den germanske grunnforma var truleg noko slikt som branta. Forma brant har vore nytta i eldre dansk og i nokre danske målføre, men me møter henne framfor alt i svensk. I andre mål har nt vorte ein rein t-ljod, jamfør islandsk og færøysk brattur, dansk brat og vårt bratt (som òg finst i svenske målføre).
Kva som var grunntydinga til bratt, er uvisst. Ordet har vore kopla til same rota som brenna. Kan henda har tydinga endra seg frå ‘brennheit’ til ‘sterk, kraftig’ til ‘stigande, ruvande, høgreist’ og liknande. Av bratt kjem hokjønnsorda bratte (‘bratt bakke, fjellside, lende’) og brette (‘bøyg på mei eller ski’) og ikkje minst verbet bretta.
Å bretta er i grunnen ‘å gjera bratt’, og i norrønt hadde bretta just tydinga ‘reisa opp, reisa seg’. Dei hadde òg ordlag som bretta hala sinn (‘briska seg, gjera seg kry’, eig. ‘reisa halen sin’). Me har ordlag i same gata, til dømes «(gå og) bretta seg» (‘ha stiv og stolt kroppsburd’) og «bratt i nakken», som gjerne vert nytta om folk som ikkje «bøyer hovudet (el. nakken)» eller «bøyer seg» (jf. òg steil). Dessutan kan me bretta på leppene eller nasen som teikn på misnøye.
For hovudtydinga til bretta er i dag ‘bøya, falda, leggja saman’. Me bretter klede, ark og serviettar, og me kan bretta noko opp (t.d. buksebeina), ned (t.d. jakkekragen), inn (t.d. kantane), ut (t.d. kartet), til sides (t.d. dyna) og saman (t.d. handkledet). Det er òg vanleg å bretta ut i biletleg tyding (‘gjera kjent, avsløra’). Nokre tykkjer det er fælt å laga brett på boksider, men slik bretting er vanleg og har gjeve oss eit fast ordlag: «leggja brett på» (‘leggja vekt på, ansa’).
Kva med brett som i brettspel, akebrett, nettbrett og vaskebrett? Det er eit lågtysk lånord som heng i hop med bord. Men jamvel om det er uråd å samla alle brett-orda på eitt etymologisk brett, kan snøbrettkøyrarar og brattheng gå godt i lag.
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.