JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Modøl og midlandsmål

Dei dialektdraga diktaren Olav Nygard nytta i skrift, henta han frå heilt andre dialekter enn si eiga.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Diktaren Olav Nygard ( 1884 - 1924 ).

Diktaren Olav Nygard ( 1884 - 1924 ).

Foto: Ukjent / NTB

Diktaren Olav Nygard ( 1884 - 1924 ).

Diktaren Olav Nygard ( 1884 - 1924 ).

Foto: Ukjent / NTB

2574
20240227
2574
20240227

Når folk skriv bokmål eller nynorsk med innslag av dialekt, brukar dei som regel drag frå den dialekta dei talar sjølve. Olav Nygard (1884–1924) gjorde noko anna: Dei dialektdraga han nytta i skrift, henta han frå heilt andre dialekter enn si eiga.

Nygard voks opp i Modalen i Nordhordland. I modalsmålet er det til dømes a-infinitiv (fara, kvila), endinga e i sterke hokjønnsord (boke, sole) og ending med vokal i bunden form fleirtal av hankjønnsord og hokjønnsord (timane, skyena). Men kva gjorde Nygard?

Her må me hugsa at landsmålet tidleg på 1900-talet enno var ungt og ikkje hadde fastna i éi form. Mange prøvde seg fram med former som låg utanfor rettskrivinga i samtida. Nygard var mellom dei. I mangt fylgde han midlandsnormalen til Rasmus Flo og Arne Garborg, som i 1901 vart tillaten som sideform i skulen. Men stundom gjekk han utanfor den òg.

«Nokre har gissa at Nygard i grunnen ville nytta kløyvd infinitiv, men at det vart for innfløkt for han.»

Eit døme på det er at Nygard nytta e-infinitiv (fare, kvile). Både dialekta hans og det «vanlege» landsmålet hadde a-infinitiv (e-infinitiv kom inn i norma i 1917). Midlandsnormalen hadde kløyvd infinitiv (fara, men kvile). Nokre har gissa at Nygard i grunnen ville nytta kløyvd infinitiv, men at det vart for innfløkt for han.

Han nytta òg former som boka og sola, medan midlandsmålet og hovud-landsmålet hadde boki og soli (eineformer fram til 1917). Det er i-formene som samsvarar best med talemålet hans (boke, sole). Men han er heilt i tråd med midlandsnormalen når han stryk daude t-ar og skriv bande og tune i staden for bandet og tunet. Sameleis når han nyttar ur (bylgjur) der landsmålet hadde or og etter kvart er (bylgjor el. bylgjer).

Mest særmerkte er formene med apokope (bortfall av siste vokal el. staving) som det er so mange av i boka Ved vebande (1923), som timann og skyenn for timane og skyene. Her bryt Nygard med talemålet sitt, midlandsnormalen og landsmålet elles. Kvifor? Det ser ut til talemålsbakgrunnen til folk ikring han spela ei rolle.

Til dømes hadde han mykje hopehav med Andreas Austlid (frå Austre Gausdal) og Anders Underdal (Valdres), som båe hadde apokoperte former i målet sitt (timan, timadn). Det er òg sannsynleg at rytme og klang hadde noko å seia. Den tostava forma timann er mindre «breial» i vers enn timane, og den klangfulle a-en kjem betre fram.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Filmen om Sondre Justad er både nordnorsk allsong og lovsong av det nordnorske.

Brit Aksnes

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Leiken mot døden

Ei spenstig blanding av det brutale og det vakre i ei framsyning som godt kunne vore korta ned.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis