JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Midt på treet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2365
20221028
2365
20221028

Nokre likar seg over tregrensa, men det er triveleg under henne òg. Kva er vel betre enn å setja seg på ein trestubbe og høyra suset i trekronene og sjå trebjørnen hoppa frå tre til tre? Det er jamvel likt til at pasientar som ser ei treklyngje frå sjukeromsglaset sitt, frisknar til snøggare enn dei som berre ser ein murvegg (Roger S. Ulrich, 1984). Å blåsa i trea er soleis det siste me skal gjera.

Treblåsarane er nok samde. Dei blæs luft inn i instrument som opphavleg vart laga av tre. I dag er dei visst radt av metall. Folk som derimot blæs i vokstrane me kallar tre, kan me gjerne kalla hespetre og tulltre. Skiljet mellom vyrket og planta kjem tydeleg fram i svensk: Når grannane våre talar om ‘vedtre, trevyrke’, nyttar dei forma trä («impregnerat trä»), medan voksteren heiter träd («klättra i träd», äppelträd, trädgård).

Forma med d ter seg òg i målføre i Nordfjord og på Sunnmøre. Det som har hendt, er at den bunde artikkelen er vorten ein del av ordet, om lag slik: norrønt tréit (‘treet’) > trét > tred > eit tred. Ordet verden i dansk og bokmål har råka ut for det same (nyno. verd, sv. värld). Når me talar om trevyrket, nyttar me som oftast ubunden form («innreiing i tre»). Det er truleg grunnen til at svensk trä har halde seg i den tydinga.

Arveordet tre står støtt i nordisk og engelsk. Det er i ætt med ord som traust, tru og trygg og kjem truleg av ei rot som tydde ‘vera fast, solid’. Ikkje alle tre står like støtt, men det gamle ordtaket gjeld likevel: «Det fell ikkje tre med fyrste hogg.» Med andre ord: Ein lyt streva litt, skal ein vinna fram. Mange har streva med planting, hogging, sending og anna arbeid med tre (jf. trelast, treindustri, trevare). Trehendte treskallar og andre trenevar kan nok laga balltre, men å setja opp trehus, driva med treskurd og laga treskor vert for vanskeleg.

Mellom dei uvanlege treslaga finn me dei syntaktiske trea, som er grafiske framstillingar av syntaktisk struktur. Folk som kan teikna slike tre, veks ikkje på tre, og nokre av dei ser ikkje setningar for berre syntaktiske tre. Derimot er det mange som kan teikna bjørketre, joletre og slektstre. Målarstykke og tresnitt av kunnskapstreet og livstreet finst òg. Men det store spørsmålet er: Får ein tresmak i rauva av å sitja på treull?

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis