Ord om språk

Merkeleg fintmerkande

Publisert

Me kan nok ikkje seia at merke merkjer seg mykje ut frå andre ord, for stundom glid det umerkeleg inn i setningane våre. Eit utmerkt ord er det likevel. Den merksame lesaren legg vel merke til at ei rad merk-ord svingar seg her, ikkje berre merke. Kan henda er det merkverdig å leggja meir vekt på merke enn på merkja og merka, slik eg skal gjera her, men det er rett og slett uråd å gjeva alle orda like mykje merksemd.

Merke (norr. merki) er eit arveord av godt, gamalt merke, men det er ikkje merkt av mange års slit. Det er nærskyldt hokjønnsordet mark, som etter alle solemerke hadde grunntydinga ‘(kjenne)teikn, grensemerke’. Derifrå voks ei rad andre tydingar fram, som ‘grense’, ‘skog, ubygt land’ (jf. det at skog ofte tener som grense mellom folkesette område) og ‘utmark, oftast med skog’. Nemninga markgreve viste opphavleg til herren over eit grenseområde. Mark og merke høyrer til ei stor ætt med medlemer som markera, markør, marg og marginal.

Hovudtydingane til merke er grovt sagt ‘teikn’ og ‘skilje’. Om me vil syta for at me finn att eit punkt i ei bok, kan me setja eit merke med blyanten eller leggja inn eit bokmerke. Kunst vert ofte oppfatta som eit merke på kultur, og merk ordtaket: «Gamalt i garden er godt merke.» Det er lurt å setja merkelapp på pakker og koffertar (men ikkje på folk, vel å merka). Mengda med samansette ord er stor. Nokre døme: bumerke, frimerke, infinitivsmerke, jakkemerke, klistremerke, landemerke og målmerke. Å setja merke på er å merkja. Me kan merkja tømmer, sauer (jf. øyremerkja) og skiløyper, og me kan merkja opp og av. Jamvel om det er harmeleg med dårleg merking, bør me ikkje brennemerkja dei ansvarlege.

Spor, flekker og arr er òg teikn, og me nyttar ofte merke om slikt, jamfør «bera merke etter ulukka», «feitt set stygge merke på kleda» og «setja merke etter seg». Me har samansetjingar som bitemerke, blåmerke og kloremerke. Om denne ordgruppa styrkjer merke som merkevare, skal vera usagt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement