Ord om språk

Meinkrok med innanmein

Publisert

«Gamle mein vil ofte minna seg», seier ordtaket. Om me får meinhogg eller drikk ein meinblanda drikk (som inneheld gift eller noko anna stygt), kan det henda at me stryk med før meinet rekk å verta gamalt. Folk som kjem med meinharde ord, kan òg gjera skade. Å såra med ord er noko anna enn å såra med våpen, men det skal vera eit samband mellom dei to sakene: «Av eit vondt ord kan koma både mein og mord.»

Kjem mein til å koma frå språkutviklinga utan mein? Mange språkbrukarar kjenner mein frå faste vendingar som «få varige mein», «koma frå det utan mein» og «vera til meins for noko(n)». Ja, og so har me samansetjingar som meineid og meinråd. Men elles? Får ordet svinga seg, eller er det kome i skuggen av ord som skade, hindring og bry? Det er snautt til meins for nokon at mange av oss vel skade framfor mein. Og her finst visseleg folk som meinheld (‘tviheld’) på mein. Det tyder rett nok ikkje at dei er meinfuse (‘huga på å gjera skade eller øydeleggja for andre’).

Mein (norr. mein) er eit nedervt inkjekjønnsord som ser ut til å vera avleitt av adjektivet mein (‘vanskeleg, ulagleg; vand; visshøv’, norr. meinn). Grunntydinga til adjektivet er truleg ‘skadeleg’, og det er vorte kopla til ei rot som tyder ‘såra, setja spor’. Då er det berre rimeleg at substantivet mein ofte viser til lekamlege (el. sjelelege) sår og lyte, jamfør «få eit mein i foten» og «gjeva nokon eit mein». Stundom står mein i lag med eit ord som målber kva mein det er tale om, som innanmein (innvortes), utanmein (utvortes), hjartemein og livsmein.

Andre gonger viser mein til ei handfast hindring: «Dei legg mein i vegen for folk.» Det avleidde verbet meinka tyder ‘hindra, nekta; skipla’: «Dei meinka meg å gå.» Å låsa er visseleg å hindra. Men er det difor folk har nytta mein om ‘hake i lås eller på nykel’? (Døme: «Me lyt setja nytt mein i låsen.»)

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement