JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Mange om matfatet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2369
20230929
2369
20230929

«Mett mage må vel rosa fasta», seier eit ordtak. Ja, mange har i alle fall røynt at magen vert mett før augo. Brått sit ein der stappmett og orkar ikkje tanken på ein matbit til. Den som ikkje har høve til å eta seg mett, kan nok ha hug til å laga hakkemat av folk som rosar fasta når dei nett har fått seg eit godt matmål. For visst er det urettvist at nokre svelt, medan andre hiv matrestar eller tillèt seg å vera vanskelege i matvegen.

Før me vert mette av dagar, skal me helst ha god matlyst og få i oss mange mettande måltid. Adjektivet mett, som har gjeve oss metta («ha mange munnar å metta») og mette («få metta si»), er ei nordisk nyvinning. Det gamle germanske ordet for ‘som har fått nok (mat)’ møter me mellom anna i tysk satt (‘mett; lei’) og engelsk sad (som har endra tyding frå ‘mett’ til ‘(mat)lei av’ til ‘trist’).

Me kan fint nytta mett-orda i biletleg tyding, jamfør ordlag som «ein umetteleg vitehug», «sjå seg mett på» og «få dansa metta si». Nokre stader er det vanleg å nytta mett i tydinga ‘mykje, mange, (heilt) full’, gjerne saman med av, i eller med («det var mett i bilar der»).

Granskarane går ut frå at mett er nærskyldt mat, jamvel om det er vanskeleg å seia presist korleis orda heng i hop. I mange mål har mat halde på den opphavlege tydinga ‘føde, kost’. Andre stader er tydinga innsnevra til ‘kjøt’ (eng. meat) eller ‘svinekjøt utan flesk’ (t.d. mellomlågtysk met). Ordet medister er ei omlaging av metworst (‘svinepølse’).

Samansetjingar med mat kan fortelja oss kva maten er laga av, kven som et han, kva tid me et han, kva føremål maten tener, korleis han vert tillaga, og kva reiskap me nyttar til å føra han inn i munnen. Her finst til dømes barnemat, brødmat, ferdigmat, fingermat, grillmat, kveldsmat, lokkemat og skeimat. Det er skilnad på kvardagsmat og festmat, og stundom er det lite mat i maten me et. Me skal sitja pent ved matbordet og lata folk få matro. Nattmaten er det rett nok vanleg å eta ståande eller gåande.

Å stappa mat inn i ei datamaskin skader innmaten i maskina og må seiast å vera lite matnyttig. Då er det betre å mata maskina med nokre av orda og vendingane me har for særs god mat: forkunnmat, fysemat, godmat, kosemat og «mat for mons». No har me nått mettingspunktet og lyt takka for maten.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis