Ord om språk

Lukta lunta

Publisert

Fisk og gjester luktar etter tre dagar, vert det sagt. Fisken vert illeluktande i bokstavleg meining, medan gjestene kan vekkja motvilje endå dei er reine og har på seg ei godlukt me tykkjer vel om. Vonleg luktar dei misnøya vår og dreg heim av seg sjølve. Ei anna løysing er å fylla huset med sveittelukt og kloakklukt og prøva å jaga bort gjestene på den måten, men då skal me vera retteleg fortvila. Svært få har lyst til å verta assosierte med vond lukt.

Lukt kjem frå lågtysk og har same opphavet som luft og loft. Adverbet lukt («gå lukt til helvete») er i ætt med lukka, ikkje lukt. Grunntydinga til lukt er ‘luftstraum’. Både det og luft har særleg vore nytta om vond og lei luft. I Norsk Ordbog har Aasen sett inn denne merknaden om luft (som òg femner lukt, lyft): «Tildeels kun om ond Lugt eller Stank.» Det same gjeld verba. Utsegna «det luktar (el. luftar) av deg» er sjeldan rosande meint.

Men det er mangt her i verda som gjev frå seg lukt, og ofte kan me draga inn lukta utan at det riv i nasen. Mange finn glede i velluktande urter og lukta av nysteikt brød. Ange (med verbet anga) er eit av få lukt-ord som fyrst og fremst viser til vellukt («det angar av sol og blomar»). Etter påverknad frå tysk er det òg vorte vanleg å nytta duft (og dufta) om gode lukter. Ei rad andre ord, som snek og tev (som heng i hop med teft), viser som oftast til illeluktande saker. Stundom med eit førefeste: illtev, utev.

Ein sterk og brå illtev kan me til dømes kalla gufs, medan dåm og snev viser til veikare lukter. I dyreriket er det mange som har betre luktesans enn me. Men når me samlar alle nemningane me har for ulike lukter, ser me at det ikkje står so verst til med oss heller. Me skil til dømes mellom bensinlukt, fjøslukt, haustlukt, kaffilukt, kvaelukt, røyklukt, sjukehuslukt, skitlukt og øydelukt (‘lukt som lagar seg i rom eller hus som står folketomt lenge’).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement