JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Leiteaksjon ved nonsleite

Er det noko folk har drive mykje med opp gjennom tidene, er det leiting.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein leitar stundom ute etter det ein har inne.

Foto via Wikimedia Commons

2369
20240315
2369
20240315

Dei har leita etter fisk, bær, nyklar, briller, bortkomne sauer, vyrke til stort og smått, rømde fangar, kjærastar og mangt anna. Nokre av oss har jamvel leita etter nåla i høystakken. Det leitar på å driva og leita slik heile tida!

Det folk har røynt og lært medan dei har leita seg fram i livet, ligg slik til at me finn det utan hjelp frå leitemannskap. Det er berre å slå opp i ei god samling gamle ordtak. «D’er best å leita medan nytt er faret», kan me lesa der. Og: «Det som er seint sakna, er seint oppleita.» Ja, når folk og dyr og andre saker forsvinn, gjeld det å gå i gang med leitinga straks.

Elles er det vanleg å leita på galen stad («ein leitar stundom ute etter det ein har inne») og å finna noko anna enn det ein leita etter («når ein leitar etter det eine, so finn ein det andre»). Og er det ikkje typisk at når ein sjølv har leita lenge etter noko og gjeve opp, so kjem nokon andre og finn det med éin gong? Særleg mødrer. Maken til gode leitarar skal ein leita lenge etter.

Etymologisk leiteboring syner at leita (norr. leita) heng i hop med eit germansk verb som tydde ‘sjå på, få auga på’, og som i norrønt hadde forma líta (pret. leit). Det er framleis mykje nytta i islandsk (t.d. líta á klukkuna ‘sjå på klokka’) og færøysk (t.d. frí?ur á at líta ‘fin å sjå på’). Ordet finst i norsk òg (lita), men fåe nyttar det. Verbet lita som i «vera til å lita på» er noko anna: Det kjem av norrønt hlíta (eig. ‘stø, lena seg til’).

Gjennom lita er leita i ætt med ord som let (‘farge’, same ord som dansk og bokmål lød) og leite, som mellom anna tyder ‘omtrentleg stad el. tid’ («i går ved dette leitet») og ‘synskrins’ (jf. himmelleite ‘horisont’). I tillegg kjem andlet (av and ‘mot’ og líta ‘sjå’) og -leitt, som målber at eit andlet har den fargen eller det skapet som fyrstelekken seier (t.d. ljosleitt, raudleitt og skarpleitt).

I bokmål er leita vorte kløyvt i to. Når tydinga er ‘søkja etter, prøva å finna’, er det vanlegast å nytta lete. Den forma er dansk lede som er norska opp med ein t. Forma leite er òg tillaten, men vert av mange oppfatta som (for) munnleg. Men når tydinga er ‘røyna på, kosta (krefter), møda’, er det leite som gjeld i bokmål òg.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis