Ord om språk

Kast i kast

Publisert

Denne gongen har eg kasta i hop eit utkast som er so fullt av rundkast og bråkast at lesaren radt vert ør og må kasta opp. Ja, det er berre å kasta seg rundt, kasta jakka og alt ein har i hendene, og bu seg på ei rad innkast og frikast med kasteballen kasta. Om det kastar lite av seg eller synest bortkasta, får de kasta teksta på skraphaugen og spaltisten på dør.

Ved fyrste augnekast kan det sjå ut til at verbet kasta og substantivet kaste (‘samfunnsklasse, stand’) er i ætt. Tanken er ikkje heilt forkasteleg, men me må likevel forkasta han. Kaste kjem av ei rot som tyder ‘skjera (bort)’, medan kasta kjem av ei anna rot, truleg ei som tyder ‘ordna, leggja opp, leggja i haug, rydja’. Ord som kase (‘dunge’), kasa (‘leggja i haug’), kòs (‘dunge, hop; tømmervase’) og kòst (‘dunge’, t.d. vedkòst) er alle nærskylde kasta. Eit vidgjete ord som kastar glans over denne ætta, er engelsk cast. Det er lånt frå nordisk og svingar seg i ord som broadcast (no. kringkasta, kringkasting) og podcast (no. pod(d)kast).

Me kan kasta folk i bokstavleg eller biletleg meining, som når me kastar nokon på gata, eller når ei verksemd kastar leiaren sin. Dei som ikkje underkastar seg lovene, kan verta kasta i fengsel. Når folk kjem i kast med kvarandre på ein utestad, vert utkastaren kopla inn.

Vanlegare enn å kasta folk er det å kasta noko folk. Me kan nytta kastevåpen eller kasta skit, men som ordtaket seier: «Den som kastar saur på andre, får noko på seg sjølv med.» Om folk står eit lite steinkast unna, kan det vera freistande å kasta stein på dei, men kven skal kasta fyrste steinen? Ikkje den som sit i glashus eller under glastak, i alle fall.

Me kan visst òg kasta blår i augo på folk. Blår tyder ‘trevlar av hamp, lin eller jute, stry’. Granskarane veit ikkje for visst korleis blårkasting og narring vart kopla i hop. Ordlaget «narra opp i stry» (eig. ‘føra opp i ugreie, i noko som har fløkt seg’) kan ha verka inn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement