JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Heva over all tvil

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2366
20230707
2366
20230707

Stundom lyt ein heva røysta og hovudet og heva seg over folkesnakket. Men det skal helst ikkje gå so langt at ein kjenner seg heva over lova. Hoven framferd er i det heile lite omtykt, so når ein merkar at trongen til å heva seg over andre kjem snikande, er det lurt å hiva seg på sykkelen heimover, ta nokre armhevingar og setja ein deig til heving i staden.

Hiva og heva er strengt teke to ulike former av same ordet. Verbet heva kan me dessutan skriva hevja og bøya sterkt: hev hovhove (jf. norrønt og islandsk hefja, færøysk hevja). Adjektivet hoven er i røynda perfektum partisipp til hevja. Av hoven kjem verbet hovna («kneet hovna opp», «andletet var opphovna av gråt») og samansetjingar som snørrhoven. Jamvel om hovmod liknar hoven, høyrer det ikkje til her. Det kjem av lågtysk ho(g)mod (‘høgt huglag’).

Hiva er i grunnen den engelske forma av heva/hevja, heave, som har kome inn i skandinavisk gjennom sjømannsspråk og vorte eit eige verb. Me kan til dømes hiva (lyfta, hala, heisa opp) anker og nytta hiva om båtar som ruggar og rullar («skuta heiv fælt»). Den vanlegaste tydinga i dag må vera ‘kasta’ («hiva mat», «hiva på seg jakka», «hiva seg rundt»). Å draga anden stutt og tungt vert òg kalla hiving («hiva etter vêret», «hivande pust, bryst»). Denne bruken av hiva er nok ljodhermande.

Attende til heva: Grunntydinga var ‘ta, gripa (og lyfta opp)’. Mellom slektningane finn me ha, høve (eig. ‘lyfting, opptak’) og hav (som truleg viser til at vassyta tykkjest heva seg mot synsranda når ein ser henne frå eit skip). Andre ord som heng i hop med heva, er hevel (‘handtak, hank’, norrønt hefill ‘heisereip’), som har gjeve verbet hevla (‘stilna; stogga i farten’, norrønt hefla ‘minka segl’), og lånorda hevert og hevelse.

Det er heving i trong meining når me hevar taket, hevar glaset eller talar om landhevinga etter siste istida. Når me hevar levestandarden eller driv med kompetanseheving, dreiar det seg om biletlege lyft. Tydingane ‘ta imot’ («heva pensjon», «heva ein sjekk») og ‘gjera slutt på’ («heva trulovinga», jf. oppheva) ser ut til å vera temmeleg nye. Dei gongene me nyttar heva om rørsler som går i andre retningar enn oppetter, lyt me hiva på ein preposisjon: Eg vil framheva at det er mange uthevingar i denne teksta.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis