Ord om språk
Gode lækjarhender
«Ukjend sykje er låk å lækja», seier ordtaket. No er det ikkje so lett å lækja alle kjende sykjer heller, men når me veit kva som er gale, kan me i minsto setja inn meir målretta tiltak enn me elles kunne ha gjort. I nokre tilfelle kan gamle lækjeråder gjera susen, til dømes tykkjer mange at lækjeblad (grorblad) hjelper mot skrubbsår og andre plager. Mange har òg røynt at frisk luft er lækjande for so mangt. Elles må me stø oss til den moderne lækjevitskapen – og lækjemiddelindustrien.
Opphavet til lækjar og lækja er omstridt. I mellomalderen nytta nordbuane ord som lækna (‘lækja, gjera god att’), læknir (‘lækjar’) og læknislyf (‘lækjemiddel, lækjedom’). Desse formene kan vera lånte frå gamalengelsk, som kan ha teke dei frå keltisk. I alle fall finn me lækjar i mest alle dei gamle germanske måla. I dag er ordet borttrengt nokre stader, til dømes er Arzt vorte einerådande i tysk. I engelsk har forma leech vore i bruk, men no har doctor teke over. Det er uklårt om engelsk leech (‘igle’) historisk sett er same ordet som leech (‘lækjar’). Det me derimot kan seia for visst, er at forma lege er komen inn i norsk gjennom dansk.
Før i verda var det ikkje uvanleg at folk søkte lækjedom hjå lækjarkjerringar (‘kjerringar med særskilde og ofte overnaturlege evner til å lækja’) og andre med gode lækjarhender (her: ‘hender med lækjande kraft’). I dag fer me nok helst til fastlækjaren på lækjarsenteret eller på lækjarvakta. Me har dessutan ei rad nemningar som klårt og greitt seier kva lækjarane er særleg dugande i, kvar dei arbeider, eller kven dei er lækjar for, jamfør augnelækjar, barnelækjar, distriktslækjar, dyrlækjar, hudlækjar og sjukehuslækjar. Me skal heller ikkje gløyma tannlækjarane. Men kva er greia med livlækjarane? Alle lækjarar har vel noko med livet å gjera? I livlækjar er ordet liv nytta i tydinga ‘person’ (eig. ‘kropp’). Ein livgarde eller ei livvakt (eng. bodyguard) vernar ein høgtståande person, og ein livlækjar er personleg lækjar for ein høgtståande person.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.