Gå på ein sprekk
«Nokre sprekkar er biletlege, som når me med sprokken røyst seier at samarbeidet sprekk.»
Teikning: May Linn Clement
Mange åt seg sprekkande mette i jola, og hendene som heldt kniv, gaffel og skei, var radt sprokne etter all vaskinga og fyringa. No er me i januar, og då er det visst fyrst og fremst ekteskap som sprekk. Sprekk i budsjettet er det året rundt. Om trolla sprekk i sola, er meir uvisst.
Når fasaden til sprekka slår sprekkar, ser me at verbet er tolleg nytt og laga av preteritum av springa: sprakk. I norrønt var bøyinga springr – sprakk (eintal), sprungu (fleirtal) – sprunginn. Forma med kk har råka ut for noko som vert kalla utljodsherding.
Det var ein regel i norrønt at i preteritum og imperativ av sterke verb vart d og ng i utljod ustemde. Dinest vart n-en oppeten av t-en eller k-en som kom etter. Forma sprang av springa vart til sprank og deretter sprakk. Sameleis fekk me geng > genk > gekk av ganga og band > bant > batt av binda.
Norrønt springa tydde både ‘bresta’, ‘spretta’ og ‘laupa, renna’. Me kan framleis nytta springa om bresting og seia at noko «spring lek», «spring sund» og «spring i lufta». Men det vanlegaste er å nytta sprekka (også uttala sprikka) om bresting og rivning og springa om renning. Då heiter det sprang i preteritum: Me sprakk ikkje etter bussen, me sprang.
Ein kan verta heilt sprengd av å springa, og dei to orda er nærskylde. Sprengja er kausativ til springa og har grunntydinga ‘få til å springa, bresta, gå sund’. I den same ætta finn me hokjønnsordet sprunge (‘brest, rivne’) og engelsk spring (‘spretta; koma frå’) og spring (‘kjelde; vår (då blomar spring ut); fjøring’). Til grunn ligg ei indoeuropeisk rot som tyder ‘røra seg, skunda seg, laupa’.
Nokre sprekkar er biletlege, som når me med sprokken røyst seier at samarbeidet sprekk. Andre er handfaste: Me kan oppdaga ein sprekk i glaset, sjå sprekkdanningar i muren, stå og lyda ved dørsprekken og detta ned i ein bresprekk. Rumpesprekken er velkjend. Helvta av oss har ei anna opning der nede som òg er vorten kalla sprekk.
Det er gildt å vera sprekkeferdig av lått og sjå eit andlet sprekka opp i ein smil. Men sprekking inneber at noko ikkje held, og det kan vera keitt. Berre spør idrettsutøvarar eller folk som prøver å halda seg rusfrie. Saker med sprekkar er dessutan utette. Å sigla på Mjøsa «i en sprøkkin holk» er ikkje det tryggaste ein gjer.
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.