Ord om språk

For veik, for veik

Publisert

Å vera sterkhelsa er tvillaust betre enn å vera veikhelsa. Sjukdom veikjer lekamen, og det er leitt å liggja veikhendt og veikmælt i ei seng dag etter dag. «Ein veik og ein sterk gjer ikkje same verk», seier ordtaket. Men er det alltid ein styrke å vera sterk og ein veikskap å vera veik? Kvifor står det veike so veikt?

Arveordet veik har slett ikkje veikna bort, endå låneordet svak har vunne seg stort rom i målet vårt. Mange samansette ord ligg no føre i to utgåver: viljeveik og viljesvak, åndsveik og åndssvak. Eg er veik for orda veikrygg (‘smalrygg, krossrygg’) og veikliv (‘buk, underliv’), og dei finst berre med veik, ser det ut til. Veik heng i hop med verbet vika og har grunntydinga ‘som vik unna, bøyeleg’. I mellomalderen sneik norrønt veikr seg inn i engelsk (weak). Tysk weich tyder ‘mjuk’.

Me kan trygt gripa til veik når me talar om noko som toler lite eller er tynt og lint: «Isen er veik no.» «Dei lagar so veik kaffi.» Når det gjeld lekamar, åtferd og tilhøve mellom folk, er det ikkje like lett å skilja mellom veikt og sterkt. Jau, lekamleg styrke kan målast, men hovudet høyrer til lekamen, og som ordtaket seier: «Det kan stå godt hovud på ein veik rygg.» Mange har òg røynt at «med godt samhald kan dei veikaste vinna».

Å gjeva etter og draga seg unna kan vera veikt i tydinga ‘udugeleg, låkt’, i alle fall om det er meininga at ein skal styra («ei veik regjering», «veike domarar»). Slik sett er det ikkje underleg at veik har ein negativ dåm, men mothugen mot veikskap vert stundom dregen for langt. Nokre nyttar han til å nøyda og truga folk: «Ikkje ver so veik, då!» Det gagnar oss alle at nokre vik unna, for korleis hadde det vorte her om alle rasa fram og stod på sitt støtt? Haken er at det ofte er dei same som vik kvar gong.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement