Ord om språk

For fulle hus

Publisert Sist oppdatert

Mange av oss har det siste året sakna å vitja kulturhus, kaffihus, samfunnshus og konserthus. Å renna husimellom har det heller ikkje vore rom for. Nokre trivst rett nok godt i husværet sitt, og kan henda har ein huskatt eller eit anna husdyr gjort heimesitjinga endå trivelegare. Dei som har sete i husarrest med nokon som ikkje er til å vera i hus med, har hatt det verre. Det verste er når ein husbjørn eller hustyrann tek til å husera (eig. ‘gå frå hus til hus, larma’). Då er husfreden ingen stad å sjå.

Me veit alle kva eit hus er, men kvar ordet kjem frå, er noko uvisst. Granskarane går ut frå at hus er ei germansk nydanning, for dei finn ikkje ordet i andre indoeuropeiske mål. I engelsk har det forma house, men me finn forma hus der òg, jamfør husband (‘ektemann’), som er same ordet som vårt husbond (truleg lånt inn i gamalengelsk frå norrønt). Mange veit òg at fjøs er ei samandraging av fehus. Eit anna morosamt ord er preposisjonen hos. Det er ei trykklett form av hus, og det tydde opphavleg ‘i huset åt nokon’. Det same har forresten hendt med fransk chez (‘hos’): Det kjem av latin casa (‘hus’).

Ordtaket seier at «d’er betre vera herre i eit lite hus enn træl i eit stort». Ja, og det aller beste er nok å vera herre i eit herskapshus og ha husmenn og hushjelper til å træla for seg. Mange husmødrer har òg slite fælt, og nokre har hatt ungeflokkar som jamt har sett huset på ende. Nokre ville nok helst ha nytta dagane til noko anna enn å stella i huset. Kan henda flørta med ein husven? Verta husvarm hjå nokon som held ope hus?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement