Ord om språk

Fengslande ordtilfang

Publisert

Den som får eit vindfang i fanget, vert lett eit blikkfang. Få av oss greier å sitja med hendene i fanget og sjå på noko slikt. Å ta fangtak på vindfanget kan kanskje hjelpa, men me må syta for at skadeomfanget ikkje vert større enn det alt er. Ja, fang fengjer, eller kva?

Dei fengslande f-orda ovanfor heng på eit eller anna vis i hop med verbet fanga. Til og med verbet (i den fyrste setninga) høyrer heime her, for og fanga er opphavleg same ordet. Båe har grunntydinga ‘gripa, ta’, men medan (norr. ) er ei nordisk form, er fanga kome inn frå lågtysk. Det hende alt i mellomalderen, so me finn fanga i seint norrønt, saman med nærskylde ord som fang, fange (norr. fangi) og fengsel (norr. fangelsi ‘fangenskap, fengsel’). Å leita etter fengja i norrøne ordbøker er derimot fåfengt. Dette verbet, som har grunntydinga ‘få til å ta’, ser ut til å ha kome inn seinare.

Av opplagde grunnar høver det bra å nemna at fengja og partisippet fengd ter seg i ei rad ord og vendingar som har med smitte å gjera. Ordet fengjesott (‘smittesjukdom, epidemi’) har mykje sams med farsott. Seiemåten «sotta fengjer» kan me bruka når ein sjukdom smittar og breier seg. So har me nokre ord som målber at me er råka av det fyrstelekken seier, som feberfengd, pestfengd og giftfengd (‘forgifta’). Me kan òg nytta fengd åleine, jamfør «vera fengd av sott», «vera fengd med lus» (ikkje ulikt bm. befengt). Adjektivet fengen kan me nytta i tydinga ‘smittsam’ (t.d. «ein fengen sjukdom»).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement