Fattigmannskost
«Fattige og rike er alle i dauden like», seier ordtaket. Det er i beste fall ei fattig trøyst for dei som dregst med hunger og husløyse. Me skal ikkje skjemta med fattigdom no som folk sig under fattigdomsgrensa eller vert lutfattige, men fattig kan me trygt herja med. Samansetjingar som knefattig (‘slapp i beina, trøytt’) og fattigmannsglis (‘moped’) provar elles at norsk er alt anna enn eit fattig språk.
I dag er det vanleg å skriva og seia fattig, men den gamle forma fåtøk er meir gjennomsynleg. Ordet er ihopsett av adjektivet få (‘lite’) og tøk (‘takande’), eit adjektiv avleitt av verbet ta(ka) (jf. framtøk ‘tiltaksam’, stortøk ‘som tek mykje; gjevmild’). Grunntydinga til fattig er ‘som kan ta lite, som har lite å ta av’. Forma fátækur står støtt i islandsk og færøysk, medan ho er endra til fattig i dei skandinaviske måla. Ordet finst berre i nordisk.
Stundom nyttar me fattig og få om det same: Ein ordfattig mann er ein mann av få ord. Men ei ordning for dei få er sjeldan meint for fattigfolk. Dei må som oftast nøya seg med fattigslege greier. Like fullt hender det at fattigmannskosten vert festmat for dei fine, som silda. Fattigmannsbakkels har vore fin og kostesam mat heile tida, so det namnet var truleg meint som skjemt. Elles veit me at dei rike plar grava åt seg dei solrike stadene, medan fattiglusene lyt greia seg på skuggesida. Der skin berre fattigmannssola (‘reflektert solljos’).
Det fell lett å nytta fattig om det som er snautt eller skrint, jamfør samansetjingar som artsfattig, blodfattig, kalorifattig, nedbørsfattig og tankefattig. Når folk frå ressursfattige grupper prøver å vera fine, kan dei få adjektivet fattigfornem klistra på seg. Det er inga rosande nemning. Åndsfattigdom finn me i alle lag, for gods og gull vernar ikkje mot slikt. Mang ein rikmann har levt eit fattig liv.
Livet er visseleg verre for naudstadde folk som må slita og slava jamt, med lita eller inga løn for strevet: «Den fattige fangar reven, den rike får skinnet.» Det er dyrt å vera fattig, og få av oss har som livsmål å hamna på fattigkassa (el. forsorga, sosialen, Nav). Nokre prøver etter fattig evne å minka gapet mellom fattige og rike. Andre ser helst at gapet er der, for «d’er fåfengt å vera rik der ingen fattig finst».
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Eit spørsmål om kontroll
I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?
Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.
Foto: Samlaget
Ein av oss
Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.
President Joe Biden og visepresident Kamala Harris i august 2023. Den økonomiske politikken deira bidrog til å få ned arbeidsløysa, men inflasjonen som tok av i 2022, gjorde større inntrykk.
Foto: Evan Vucci / AP / NTB
Harris blir heimsøkt av inflasjonen
Kanskje vart presidentvalet i USA 2024 avgjort ved bensinpumpene og i matbutikkane.
Noreg er på tredjeplass i kokainbruk i Europa.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB
– Meiningslaust å straffe sjuke
Ronny Rene Raveen, tidlegare politimann og rusmisbrukar, vil ha avkriminalisering av rusmisbrukarar og unge opp til 25 år.