Etter måten etterlengta
Veke etter veke har eg gått vanlege ord etter i saumane i denne spalta, og den eine lesaren etter den andre har i etterkant kome med tilbakemeldingar og framlegg til ord eg kan skriva om. Etter det eg veit, er det ingen som har etterlyst etter. Men det høver etter å liggja litt etter. Eller er det etterplapring å seia at etter er ein etternølar som trivst i etterpålag?
Ei økt med etter-forsking syner at etter (norr. eptir, eftir) heng i hop med atter, att og aftan (og eftan). Uttalen er gjerne etter, ette eller itte. Etter har etter kvart fått ulike roller og tener som preposisjon («etter klokka fem», «vera galen etter pengar»), adverb («tenkja nøye etter») og subjunksjon («eg kom etter du var gått»). Lesaren kjem nok å leita forgjeves etter ein del tydingar, ordlag og samansetjingar her, ettersom dei er so mange at det er uråd å få med alle, endå eg klemmer dei inn etter beste evne.
Om me skal døma etter ordbokartiklane, er hovudtydingane til etter ‘seinare enn’ («etter jol») og ‘bak, lenger bak enn’ («stilla seg opp etter kvarandre»). Mang ei samansetjing med etter målber at noko kjem seinare enn noko anna, til dømes etterarbeid, etterkomar, ettersmak og ettertid. Og som me veit: «Som kua går føre, kjem kalven etter.»
Mange har røynt at «etter den søte kløen kjem den sure svien». Noko anna som kan vera surt, er etterpåklokskapen. Generasjonane føre oss har late etter seg ei rad ordtak om han, som «etterpå veit alle mann råd». Hit kan me vel òg rekna «betre føre var enn etter snar».
Men etter viser ikkje berre til tid og plassering i ei rekkje. Det kan målbera at noko går i retning med noko eller fram i ei viss retning.
Me talar om å «fara oppetter dalen», «køyra austetter, nedetter, utetter» og so frametter. Andre tydingar er ‘i samsvar med’ og ‘i høve til’: «etter ordre frå sjefen», «teikna etter minnet» og «vera stor etter alderen».
Her i etterordet kan det nemnast at etter ofte vert nytta om føremål, til dømes det å freista få tak i noko. Me grip etter boka, leitar etter orda, går etter ved og trår etter nærleik. Det er stor etterspurnad etter folk som er ute etter å vera best. Me kan òg høyra etter, kjenna etter og sjå etter, men å gjeva etter er noko anna. Kan henda nyttar me etter med større ettertanke heretter?
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Keith Jarrett har med seg bassisten Gary Peacock og trommeslagaren Paul Motian.
Foto: Anne Colavito / Arne Reimer / Jimmy Katz / ECM
Peiskos på første klasse
Keith Jarrett byr på fleire perler frå Deer Head Inn.
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement