Den store skjelven
Blada skjelv i vinden, og nokre av dei er meir skjelvne enn andre. Det er ikkje for inkje me seier at nokon skjelv som eit ospelauv. Me kan skjelva på hendene, i røysta, i knea eller rett og slett i buksene. Verst er det når sjølve grunnen under oss skjelv. Til alt hell er ikkje alle område på jorda jordskjelvområde. Mange stader vert folk fyrst og fremst råka av politiske jordskjelv.
Skjelva (norr. skjalfa) er eit gamalt sterkt verb som i dag berre svingar seg i nordiske mål. Me nyttar det jamnast om rørsle. Når noko bivrar, dirrar, rister eller skjek, høver det å nytta skjelva. Verbet kan òg visa til ljod, jamfør ord som skjelvetone (‘sterkt skjelvande eller vibrerande tone’). Me veit lite om bakgrunnen til skjelva, men eitt framlegg er at det opphavleg viste til dei ljodane som risting og liknande rørsler fører med seg.
I norrønt finst kausativet skelfa (‘få til å skjelva; rista, skaka; skremma’). Islendingane nyttar det framleis: skelfa (‘skremma, setja støkk i’, merk òg skelfast ‘vera redd’). Redsle, nervøsitet og age er i det heile vanlege kjelder til skjelving.
Mange har røynt at dei kan gå og tru at dei har nervane under kontroll, men når den store augneblinken kjem, vert dei brått skjelvhendte, skjelvmælte eller skjelvne på andre måtar. Nokre av desse augneblinkane har fått eige namn. Den skjelven som veidarar kan få når dei oppdagar og skal til å skyta eit (stort) dyr, har til dømes vore kalla dyreskjelv, skotskjelv og veideskjelte. Hankjønnsordet skjelte høyrer i hop med skjelva og tyder ‘ri med skjelving, sterk bivring’.
Å skjelva kan elles vera so mangt: Stundom går det små skjelvingar gjennom oss, andre gonger får me den store skjelven. Det er ikkje uvanleg at bringa storskjelv eller nidskjelv, og me merkar det godt når føtene skjelv under oss (jf. «vera skjelven i knea», «få kneskjelven»).
Til skilnad frå visse bygningar er me ikkje skjelvsikre. Til og med rolege folk som er umoglege å støkkja, kan «få skjelte i seg» (‘byrja å skjelva av frost’). Og so har me skjelvingane som kjem av sjukdom. Skjelvelamming har i nokon mon vore nytta som avløysar for samnamnet parkinsonisme. Kan henda er det for lite kjent at me òg kan skjelva av glede. I Rosmersholm skriv Henrik Ibsen om «glædeskælvende hænder».
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Eldspåsetting og steinkasting i Ramels veg i Rosengård i Malmö. Ivar Hippe har intervjua innbyggarar i utsette bydelar i Vest-Sverige.
Foto: Johan Nilsson / TT / AP / NTB
– Det kjem til å bli stygt
Ivar Hippe fekk lyst til å sjå nærmare på dei svenske tilstandane. Etter tre års arbeid er Sverige 2024: Beretninger om et land i krise her. Staten må ta styring, seier han.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»