JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Den minste ting

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2362
20211029
2362
20211029

Alle gode ting er tre, og sanneleg: Når me slår opp i Nynorskordboka, finn me tre ting-ord! Me har eit reint inkjekjønnsord (eit ting, tinget, alle tinga) som me nyttar om møte og forsamlingar, og eit reint inkjekjønnsord som tyder ‘veik, levande skapning, kryp’ («arme ting», «eit stakkars lite ting»). Mest spanande er nok det tvikjønna ting-ordet (ein ting, tingen, alle tinga), for det kan me nytta om saker, tilhøve, gjerningar, omstende og so bortetter. Dei to sistnemnde orda er opphavleg same ordet som det fyrste.

Når me lurer på ein ting, gjer me klokt i å venda oss til folk som kan sine ting. Kunnskap er tingen! I ordbøkene kan me lesa at vårt ting er same ordet som engelsk thing og tysk Ding. Me får òg vita at desse formene kjem av eit germansk ord som i dei gamle måla tydde ‘(retts)møte, rettsstell; sak; eignelut, greie’. Nokre gissar at ei indoeuropeisk rot med tydinga ‘draga (seg) saman’ ligg til grunn. Det me trygt kan slå fast, er at ting er i ætt med tinga, tingest og dings.

Nokre er fælt opptekne av jordiske ting. Kan henda gjev dei ungane ting i staden for omsut, og kan henda set dei luksusting over bruksting (el. nytteting, gagnsting). Det er ingenting gale med å vilja ha vakre ting ikring seg, men stundom viser det seg at dei tinga me trår etter, berre er filleting i den store samanhengen. Me bør i alle fall ikkje tingleggjera allting.

Det er mange ting å gleda seg over i det norske målet, men mange finn òg styggeting der. Til dømes har nokre, framfor alt nynorskbrukarar, lært at dei skal vera varsame med å nytta ordet ting. Er det ein god eller dårleg regel? Det er vel ein mellomting. Aasen nytta ting i tekstene han skreiv på landsmål, og det står ingen åtvarande merknad til ordet i Norsk Ordbog. Derimot står det at «Betydningen» er «meget omfattende». Her er me ved kjernen. For dersom me ikkje nektar oss nokon ting når me skriv, og nyttar ting om alt som kan kallast ting, i staden for å finna andre – og kan henda meir presise – ord, kan teksta verta kei å lesa.

Noko forbod er det likevel ikkje. Det heile minner litt om den «regelen» som seier at me ikkje skal byrja setningar med orda og eller men. Me skjønar at det er ulagleg å byrja kvar einaste setning med og eller men. Men innimellom er det fint.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis