JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Burugle i jomfrubur

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2370
20221118
2370
20221118

Nokre burar seg inne fordi dei vil ha fred og ro, andre sit i buret fordi dei er dømde for brotsverk. Å koma i «det gylne buret» er nok betre enn å verta sett i jarnbur eller løvebur, men «det sit ingen so godt i bur at han ei sat heller ute». Unnataket må vera musa som har kome seg inn i eit velfylt stabbur. Ho sit nok gjerne i buret.

Inkjekjønnsordet bur er i ætt med verbet bu og har vore med oss lenge. Den gamle tydinga er ‘bustad, (lite) hus, forrådskammer’. Ofte var det soverom i dette vesle huset, og mange gjester har gladeleg sove i buret. Ordet stabbur har nok opphavleg hatt forma stavbur (‘bur som står på stolpar’). Jordbur er bur som står på mur eller på jorda. I nokre mål har bur fått ei anna eller meir avgrensa tyding enn det har hjå oss. Tysk Bauer tyder no berre ‘fuglebur’. Engelsk bower vert helst nytta om lysthus og lauvhytter. I litterært mål kan det tyda ‘jomfrubur’.           

Det er lett å sjå føre seg jomfruburet som eit lite rom der ein held jomfruer innestengde til ein har funne ein høveleg ektemake åt dei. Men då har me vildra oss inn i eventyrverda. Jomfruburet er strengt teke berre eit hus eller rom for dei ugifte kvinnene i husstanden. I dag tyder ordet ofte ‘ungjenterom’. Bandet mellom bur og kvinner er gamalt. I mellomalderen vart bur helst nytta i tydingane ‘matbu’ og ‘kvinnestove’.

Mange stader har bur vore nemning for matbua, medan loft har vist til huset der ein hadde kleda. Andre stader har bur (og bu) vore nemning for fyrste høgda i loftet. Ho som står og tek imot maten ved spleiselag (eller på godt norsk: samanskotslag), har ofte vorte kalla «mor i buret». Men det er ikkje berre mat som har vore i buret. I Norsk Ordbok finn me ord som kledebur og linbur attåt kornbur og kjøtbur.

I dag vert bur jamnast nytta om ‘kasse eller rom (med gitterverk) til å stengja dyr inne’. Folk talar om korleis burhønsa har det, og diskuterer om minkbur og dyrevelferd er to saker som går i hop. Burugler er ikkje noko lysteleg syn. Bakgrunnen her er vel at ugla høver svært dårleg i bur og snøgt ber preg av vantrivnad. Fotballmål og mange andre mål har nettvegger og liknar mykje på handfaste bur. Burvaktaren skal ikkje stengja folk inne, men syta for at ingen set ballen i buret. Stutt sagt: halda buret reint.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Filmen om Sondre Justad er både nordnorsk allsong og lovsong av det nordnorske.

Brit Aksnes

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Leiken mot døden

Ei spenstig blanding av det brutale og det vakre i ei framsyning som godt kunne vore korta ned.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis