Ord om språk
Breibeint i breibygdene
Målet vårt er radt ikkje breiddfullt av samansetjingar med brei, og me kan heller ikkje seia at brei-orda er breiale. Men utvalet er breitt. Eit menneske kan til dømes vera breiaksla, breihendt, breinasa og breivakse. Gunnlaug Ormstunge (og andre sagakarar) er skildra som «midjesmal og herdebrei». Korleis fisken breiflabb eller breikjeft ser ut, skjønar me av namnet. Og breifot og breilabb er nemningar for bjørn.
Det er ikkje naudsynt å greia ut i det vide og det breie om alle orda som har større utbreiing enn brei. Hovudsaka er at brei står breibeint og sterkt på våre breiddegrader. Det er uvisst kva for indoeuropeisk rot som ligg til grunn. Nokre har gissa at brei heng i hop med bera. I alle høve er ordet mykje utbreidd i germansk (t.d. svensk og dansk bred, engelsk broad og tysk breit).
Av brei kjem verbet breia og substantiva breidd og breisle (som i overbreisle ‘dekke; teppe, dyne’). Me veit ikkje om bre (‘masse av is og snø’) høyrer til her. Derimot veit me at lånordet bebreida er noko anna. Sistelekken der er verbet bregda, som på norrønt hadde tydingar som ‘føra snøgt; gjera annleis; bryta; lasta’. Men me har ei vending med brei som vert nytta om skarp kritikk: «fyra av (e.l.) ei breiside mot nokon». Det viste opphavleg til (skotsalve frå) kanonar som skyt frå same skipssida.
Det breie er «udstrakt til Siderne; ogsaa udgjørende et vist Maal i Bredden» (Aasen i Norsk Ordbog). Breibygdene er vidstrekte. Vegen gjennom breibygda kan vera so og so brei, og om eg går bortetter vegen med ein person på kvar side, går me tre i breidda. I staden for «ved sida av» kan me seia «i breidd med» eller breiddmed (jf. svensk bredvid). Dessutan kan me kjøpa tre breidder gardinstoff, snubla ved elvebreidda og vera ei hårsbreidd frå den visse dauden.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.