Bleik om sausenebba
Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!
Teikning: May Linn Clement
Ord om språk
Kvar fugl syng med sitt nebb, og fuglespaltisten her i avisa skildrar jamt både songen og nebbet til fuglane ho skriv om. Fuglenebb kan vera stutte eller lange, beine eller krøkte, og nokre har jamvel gilde fargar, som nebbet til lunden. Ikkje sjeldan ser me at fuglane pikkar med nebbet, ber noko i nebbet eller nappar i kvarandre med nebbet (jf. nebbast).
Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete! Til liks med mange andre ord kan nebb nyttast i bokstavleg og biletleg tyding. Og ja, det er helst biletlege nebb me talar om når me seier at nokon heng med nebbet, er bleik om nebbet eller syng med sitt nebb.
Elles er det mangt i naturen som har noko som liknar nebb, og som difor har nebb i namnet sitt. Det gjeld til dømes leppefisk, som bergnebb, og vokstrar som skogstorkenebb (som har ei rad andre namn òg). Nokre kan finna på å seia nebbemus for ‘spissmus’. På det australske kontinentet lever nebbdyret, eit hugtakande pattedyr som legg egg og har noko som liknar eit digert andenebb.
Nebb og hokjønnsordet nebbe kan fint nyttast om utstikkande saker i lendet. Dessutan er orda nabb (t.d. bergnabb), nabbe, nobb og truleg nibbe i ætt med nebb. (Nipe vert derimot kopla til norrønt hnípa ‘henga med hovudet, stura’.) Kanner og koppar kan òg ha nebb, jamfør sausenebb(e).
Nebb har same opphavet som norrønt nef (‘nase; nebb’) og er i ætt med nov. I Våre arveord (2019) står det at nebb er «et gammelt ord med noe uklar forhistorie». Til dømes veit me ikkje korleis ordet fekk endinga bb. Islendingane held seg til nef og færøyingane helst til nev (sjeldan nebb), so det er i skandinavisk at nebb svingar seg. I nynorsk kan me velja om det skal vera inkjekjønnsord eller hankjønnsord.
Nebb er elles i ætt med lånorda snabel og snavl («hald snavla!»). Medan me er inne på snavler som går i eitt sett: Nebb har vore nytta i nedsetjande personnemningar, til liks med ei rad andre ord som viser til talereiskapane (t.d. kjeftause, munngyte, skrålhals). Særleg finst det mange nebb-ord for nasevise (og taletrengde) kvinner. I Norsk Ordbok finn me til dømes nebbelus, nebbenos, nebbesild og nebbskjor.
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.