Frå matfatet

Oppvarma ris

Vatn er viktig, men ikkje alltid verdt å betale for.

Ris er rett og slett eit av dei viktigaste kornslaga i verda.
Ris er rett og slett eit av dei viktigaste kornslaga i verda.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Mat gjev føde – mellom anna til ei rekke helsemytar. Nokre av dei er openbert usanne: Mellom anna var det der eg ein gong budde i Brasil, sikkert og visst at å ete mango saman med mjølk førte til døden. Nett det trur eg Tines yoghurt med mango og pasjonsfrukt har prova feil ganske så greitt.

Andre er meir tvilsame: Eg har ei soppbok der det står at soppen eg har plukka og ete med god appetitt i heile haust, kritøsterssoppen, er giftig. Litt nærare lesing syner at soppen har ført til nyresvikt i Japan, men då hos personar som alt har dårlege nyrer. Eg skal kanskje likevel late vere å tilrå å plukke soppen, eller servere han til kven som helst.

Ein tredje variant er mytar som har ein kjerne av sanning, men som har vakse ut av proporsjonar. Eitt døme i denne kategorien er at ein aldri skal varme opp att ris eller pasta.

Bakterieberarar

Saka er at alle kornarter kan bere med seg sporar av bakterien Bacillus cereus. Denne bakterien formeirar seg i romtemperatur, og kokt og stivelsesrik ris er god mat for han å vekse i. Når han veks, kan han produsere eit toksin – eit giftstoff – som fører til oppkast eller diaré.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement