Ord om språk

Opprop med ropeteikn

Publisert

Som ein ropar i skogen, får ein svar, vert det sagt. Det meste av ropinga vår går føre seg andre stader: Debattantar set eit opprop inn i avisene, me høyrer bønerop frå minareten, elevar rekk bussen og namneoppropet med eit naudrop (el. naudskrik), store stjerner vert møtte med hyllingsrop, og fotballspelarar ropar på straffe og lærarar på høgare løn.

Den eldste kjende tydinga til ropa er den som er hovudtyding i dag: ‘bruka sterk røyst, skrika.’ Men i nordisk er ho heller ny som hovudtyding. Norrønt hrópa tydde fyrst og fremst ‘tala ille om, baktala’. Hróp tydde ‘baktale, lastord, spott’. Ein teori er at folk bruka ropa om å ‘ropa ut, seia meininga si’, som i neste omgang vart ‘tala ille om, baktala’. Med tida er den tydinga vorten borttrengd av ‘bruka sterk røyst, skrika’, venteleg etter påverknad frå lågtysk. Ropert kjem frå nederlandsk.

Det nærskylde ordet røpa har vore gjennom noko av det same som ropa. I norrønt var dei to orda synonyme: Båe tydde ‘tala ille om, baktala’. So ser det ut til at røpa gjekk or bruk i norsk, i alle fall finn me det ikkje i ordbøkene til Aasen (1873) og Ross (1895). Det røpa-ordet me brukar i dag, er eit heller nytt lån frå dansk. Gamaldansk røpæ tydde ‘openberra’ og ‘irettesetja, lasta, skulda’. Vårt røpa skal koma av dansk røbe i tydinga ‘openberra’. Mange målfolk meiner elles at innlånte ord som påberopa og anropa ikkje er noko å ropa hurra for.

Sterke kjensler gjev ofte sterk røystebruk, jamfør angstrop, glederop, klagerop og jubelrop. Nokre rop skal kveikja eller styrkja oss sjølve eller andre, som kampropet, krigsropet og heiaropet. Andre rop bryt oss ned («møta nokon med piping og tilrop», «verta ropa etter på gata»). Bakgrunnen til ordlag som «ropa på elgen» og «ropa på Rolf» (‘spy’) er so innfløkt at eg må råda lesaren til å slå opp rope i Det Norske Akademis ordbok (naob.no). Der er det ei utførleg utgreiing.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement