Oppjaga lukkejeger
Dei som har eit sterkt jaktinstinkt, men som ikkje vil ta livet av nokon, kan prøva seg som talentjegerar, karrierejegerar eller autografjegerar. Slikt er både spanande og krevjande, men sjeldan farleg. Dopingjegerar og korrupsjonsjegerar må derimot vera hardhuda og ha ein viss sans for drama, for mykje står på spel, og menneske som held på å missa posisjonen sin, er truande til litt av kvart. Trøysta er at dopingjegerar sjeldan hengjer byttet sitt opp på veggen som eit anna jakttrofé. Hovudjegerar flest driv heller ikkje med slikt.
Det finst nok målfolk som har prøvt å hundjaga eller kjeppjaga jag-orda frå landet, med den grunngjevinga at orda ikkje er retteleg norske. Om me legg ordsoga til grunn, er det eit visst hald i den påstanden: Orda jaga, jakta, jakt og jeger er komne til oss frå tysk, medan ord som veida, veidemann og veiding er eldgamle arveord. Dei nemnde orda på j var i alle fall temmeleg vanlege då målreisinga tok til, og i Norsk Ordbog (1873) av Ivar Aasen finn me både jag, jaga, jagster (‘jaging, driv’) og jagta (i dag: jakta). Aasen fører òg opp båtnemninga jagt, og han skriv at nokre folk skil mellom jagt og jægt – eller jakt og jekt, som det heiter i dag. Båe orda kjem av nederlandsk jacht(schip), som tyder ‘snøggsiglande fartøy’, eller eigenleg ‘skip til å jaga med’. Engelsk yacht (‘lystfartøy’), som me har teke inn i norsk, har same opphavet.
Målet med jakt og jaging er ofte å fella eller fanga nokon – og stundom går det fælt snøgt (jf. jagarfly). Me kan driva med elgjakt, småviltjakt og heksejakt, og politiet kan ta opp jakta på tjuvane. Klappjakt gjekk opphavleg ut på å jaga viltet fram til jegerane ved å klappa med trestykke. Me kan òg nytta jaga og jakta om det å skyggja nokon eller plaga dei på andre måtar, og det er ikkje alle som likar å ha ein skjørtejeger etter seg. Då er det meir triveleg med jagegraut eller jagesuppe: Det er mat gjestene får servert før dei vert jaga heim, til dømes på slutten av ei bryllaupsfeiring.
Å «jaga etter skuggar» er visst fåfengt, og nokre meiner at det er lite tenleg å jaga etter lukka. Me kan i grunnen seia at mykje av jaginga vår kostar meir enn ho smakar. Effektivitetsjag, statusjag, profittjag og karakterjag – det er eit jag frå morgon til kveld.
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?
Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Vestre må avslutte konflikter og beklage
«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
Ruslan Gorovij sender pengane han tener som artist, heim til Kyiv, der vener kjøper vedlass til ukrainarar som treng varme i vinter.
Foto: Ukrainian online sales
Eit nytt lovframlegg som legg opp til at det skal bli straffbart å selje ulovleg hogd skog, vil ikkje minst råke folk i øydelagde hus.
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.