Ord om språk

Oppi heksegryta

Ord om språk
Publisert Sist oppdatert

Heksa er ikkje vorten ståande fast i stiv heks. Tvert imot: Ho er inne i ei ny blømingstid. Mange tykkjer at det er kveik og inspirasjon å henta hjå heksa. Ho er sjølvrådug og held på med sitt, same kor mykje omverda stemplar henne som stygg, vrang og farleg for samfunnet.

Anten me likar den moderne heksedyrkinga eller ikkje, kan me vera samde om at heks har forheksa mang ein språkbrukar. Ordet har i nokon mon teke over for troll og samansetjingar med troll. Det har vore gjengs å nytta trollkjerring (eller runekjerring, signekjerring) om kvinner som steller med trolldom. I dag går det mest i heks.

Det er inga heksekunst å finna ut at heks er kome til oss frå lågtysk hex (jf. tysk Hexe). Men kvar går røtene derfrå? Eldre former av ordet er hagzissa og hag(a)zus(s)a. Det er vanleg å meina at fyrstelekken er hag (‘gjerde’), som er i ætt med vårt hage. Sistelekken vert stundom kopla til eit germansk ord for ‘underjordisk trollkvinne’. Grunntydinga til heks kan ha vore ‘gjerdevette’ eller ‘skogvette’.

Ord som heksagon (‘sekskant’) kjem av gresk heks (‘seks’) og har inkje med hekseri å gjera. Det same gjeld verbet heksa (‘eta snøgt; tala kvast og bitande; glefsa’). Det skal koma av hake (‘krok (til å gripa tak med)’, som i mothake). Men verbet heksa i tydinga ‘bruka trolldom, trylla’ kjem av heks: «Ho heksa meg om til ein bjørn.»

Etter folketrua opererer ikkje heksa åleine. Ho står i samband med overnaturlege krefter, demonar eller djevelen. Stundom fer heksene på ville festar, gjerne på eit fjell (jf. heksedans, heksesabbat). Ord som heksebrenning vitnar om at kampen mot trolldom og trollfolk gjekk altfor langt. Det er ikkje moro å verta utsett for heksejakt og hekseprosessar i dag heller, men det er ofte mindre døyeleg.

Før tenkte ein seg at hekser og andre vesen kunne valda smerte og sjukdom gjennom å skyta på folk og dyr. Orda hekseskot, alvskot og troll er alle vortne nytta om slikt. Elles veit me i dag at sopp kan laga ringar med grønt og frodig eller turt og daudt gras. Før vart ringane gjerne tolka som spor etter heksesabbat eller alvar (heksering, alvering).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement